Bosetting av flyktninger i kommunene : en studie blant bosettingskommuner i Møre og Romsdal
Abstract
Busetjing av flyktningar i kommunane – ein studie blant kommunar i Møre og Romsdal
Busetjing av flyktningar i kommunane er viktig arbeid, som også inneber utfordringar, som det å finne bustader som eignar seg, kunne gje burettleiing og arbeide tverrfagleg om bustadsosialt arbeid og planlegging. Møreforsking Volda har sett nærare på busetjing av flyktningar i kommunar i Møre og Romsdal. Målet med prosjektet Busetjing av flyktningar i kommunane, har vore å prøve å identifisere gode busetjingsstrategiar. Det er gjort gjennom å kartlegge korleis busetjingsarbeidet foregår, og å få belyst kva erfaringar og synspunkt tilsette i kommunane og flyktningar har når det gjeld busetjingsarbeidet. Prosjektet er finansiert av Husbanken, Region Midt-Norge.
Studien viser mellom anna at:
· Kommunane har store utfordringar når det gjeld tilgang på bustader til busetjing av flyktningar
· Kunnskapen om, organiseringa og bruken av Husbanken sine verkemidlar er svært variabel
· I bustadspørsmål er rolla til flyktningkonsulenten til dels uklar
· Samarbeidet mellom aktørar/etatar i kommunane, knytt til bustadsosiale spørsmål,
er lite formalisert, og i mange tilfelle tilfeldig
· Burettleiing blant flyktninger er ein kritisk faktor, som i liten grad vert prioritert i kommunane
· Det er stort behov for rettleiing av flyktningar i spørsmål om eventuelt kjøp av bustad
· Generelt god arbeidsmarknad i ein kommune/region, betyr ikkje nødvendigvis ein
god arbeidsmarknad for flyktningar
· Sosiale nettverk er den årsaka som flyktningane sjølve legg mest vekt på i tilknyting til
spørsmålet om å bli buande i eller flytte frå ein kommune
· Det er i liten grad fokus på medverknad frå flyktningar når det gjeld bustad og busetjing i kommunane
Med utgangspunkt i studien vert det gitt nokre tilrådingar, som er følgjande:
· Meir informasjon og fleire kurs frå Husbanken si side overfor kommunane
· Kommunane bør i større grad fokusere på innovative eigarskapsmodellar,
til dømes ”shared ownership”
· Fleire kommunar bør ta i bruk modellar som ”Fra å leie til å eie”
· Meir forsknings- og utviklingsarbeid retta mot behovet og muligheitene for
nye tilskotsordninger og eigarskapsmodellar
· Større fokus på å kombinere startlån og bustadtilskot