Mikrohistorie – eit uttrykk for paradigmeskifte i historiefaget?
Abstract
I dette essayet ønskjer eg å drøfte utviklinga av den mikrohistoriske tilnærminga i historiefaget i forhold til Thomas Kuhns teoriar om paradigmeskifte innanfor vitskapen. Mikrohistorie er ei retning innanfor historiefaget som vart utvikla i 1970-åra. Retninga har nære koplingar til historisk antropologi, den nye kulturhistoria og det som i tysk forsking går under nemninga Alltagsgeschichte (kvardagshistorie). Som nemninga indikerer, inneber mikrohistorie at forskinga fokuserer på mindre einingar, t.d. individ, avgrensa sosiale grupper (t.d. landsbyar) eller enkeltinstitusjonar.