Eit heilskapleg tilbod. Evaluering av metodeutviklingsprosjektet "Arbeidsretta rehabilitering" ved Brisk kompetansesenter
Abstract
Rapporten "Eit heilskapleg tilbod" er basert på ei følgjeevaluering av metodeutviklingsprosjektet Arbeidsretta rehabilitering. Tilbodet er lagt til rette for at fleire sjukmelde kan få eit arbeidsretta helse- og rehabiliteringstilbod. Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at kurset blir opplevd som eit viktig steg tilbake til arbeid og til eit betre liv for mange av deltakarane. Dette er i samsvar med dei fire intensjonane bak tiltaket; nemleg å styrke føresetnadane for at kvar enkelt kan meistre kvardagen, meistre helserelaterte utfordingar, meistre sosiale utfordringar og styrke sjansane på arbeidsmarknaden.