Levekår i Kristiansund. Eit forprosjekt
Abstract
Rapporten "Levekår i Kristiansund" er utarbeidd på oppdrag frå Kristiansund kommune. Arbeidet har vore organisert som eit forprosjekt, der kommunen ønskte ei systematisering av tilgjengelege data på levekårområdet, ei innsamling av informasjon om levekårsituasjonen og ein gjennomgang av viktige tiltak som er sette i gang for å betre denne i Kristiansund per i dag. Målet med dette arbeidet var å danne basis for ei betre forståing av årsakene til levekårsituasjonen i Kristiansund, som grunnlag for å utarbeide tiltak vidare.