Kommunikasjon i samarbeidet med minoritetsspråklege foreldre
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2496874Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunnen for denne oppgåva er auka forståing for kor viktig det er at personale og minoritetsspråklege foreldre forstår kvarandre. Det kan lett oppstå mistydingar når partane i ein dialog ikkje nyttar felles språk.
Rammeplan for barnehagen forpliktar personalet å legge til rette for ein god dialog med foreldra (KD. 2017, s .29). Foreldre som ikkje forstår språket som vert nytta, må difor få støtte i dialogen.
På bakgrunn av dette er problemstillinga for oppgåva: Korleis legg barnehagelærar til rette for god kommunikasjon med minoritetsspråklege foreldre i bringe- og hentesituasjonar?
Kvalitativ metode er nytta for å samle inn data, og det er gjennomført semistrukturert intervju med tre barnehagelærarar med leiaransvar. Alle tre har samarbeid med minoritetsspråklege foreldre.
Funn viser at språkproblem er største utfordringa i samarbeidet med dei foreldra som har gjort landebyte. Kommunikasjon med dei som ikkje nyttar same språk tek meir tid, enn kommunikasjon der ein nyttar felles språk. Ved behov nyttar informantane kommunikativ støtte i dialog med framandspråklege.
For å få eit best mogleg samarbeid med denne foreldregruppa, er det viktig at personalet ser etter ressursar hos foreldra, i staden for å leite etter vanskar. Dette er ei ressursorientert tilnærming som i stor grad handlar om respekt, tillit og tid.