Matematikkdelen av PLUTO-prosjektet ved HVO. Sluttrapport
Abstract
I prosjektsøknaden (Andreassen et al 2000) vart PLUTO-prosjektet sine problemstillingar skisserte, og det vart presisert kva som skulle vere hovudfokus i matematikkdelen av prosjektet. Dette kan kort oppsummerast til å vere: 1. Utvikling av studieeininga Matematikk 1 sin didaktikk. 2. Utvikling og tilpassing av IKT-læremiddel for studieeininga Matematikk 1. 3. Tilpassing av vurderingsformene i studieeininga Matematikk 1. 4. Praktisk organisering av studentane sin arbeidsdag.
Som så mange prosjekt har også dette delprosjektet enda opp med å bli noko heilt anna enn det ein i utgangspunktet trudde det skulle bli då søknaden vart utforma hausten 2000. Punkt 2 om utvikling og tilpassing av IKT-læremiddel, som var den sentrale og berande ideen i delprosjektet, vart etter kvart lagt vekk og erstatta av utprøving av Classfronter som læringsverkty i matematikk. Årsaka til dette var at læremiddelutviklinga vart for tidkrevjande når det samstundes vart venta at matematikk skulle ta del i felles aktivitetar i hovudprosjektet som til dømes utprøving av Classfronter. Sett i ettertid har dette skifte av problemstilling fått konsekvensar for kor målretta arbeidet i delprosjektet har vore. Delprosjektet har meir vore eit forsøks- og utprøvingsprosjekt enn eit forskings- og utviklingsprosjekt. Mykje tid og krefter har gått med til aktivitetar som ikkje har sett merkbare spor. Andre aktivitetar retta til dømes mot punkt 1, 3 og 4 i lista ovanfor har derimot sett varige spor. I det følgjande vil det som er prøvt ut, verte presentert saman med tankar og refleksjonar basert på dei erfaringane som er hausta.