Vurdering og pedagogisk utviklingsarbeid i norskfaget. Rapport frå PLUTO-prosjektet ved Høgskulen i Volda
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2557984Utgivelsesdato
2004Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne rapporten handlar om kva for rolle vurderingsordninga speler i pedagogisk utviklingsarbeid. PLUTO i Volda har hatt seks satsingsområde: i) arbeidsformer, ii) rettleiing/oppfølging, iii) organisering, iv) IKT/Classfronter, v) kompetanseheving og vi) praksis. Vurderingsordninga har altså ikkje vore eit eksplisitt satsingsområde, men er integrert i alle dei fire første momenta ovanfor. For det første: Vurderingsforma bør vere i tråd med arbeidsformene gjennom studieåret; det bør vere eit samsvar mellom måten vi jobbar på og kva som blir vurdert. For det andre impliserer vurdering meir enn sluttvurdering, det inkluderer òg rettleiing og oppfølging gjennom læreprosessen (formativ vurdering). For det tredje må vurderingsforma vere understøtta organisatorisk. Dersom til dømes studentaktive læringsformer er eit mål, må det organisatorisk leggjast til rette for at studentane arbeider slik, og vurderingsformene må ta utgangspunkt i det. Og for det fjerde: IKT og læringsplattformene Classfronter og PedIt har påverka arbeidsformene, læringsarenaene, administreringa og kommunikasjonskanalane. Dette burde òg ha fått konsekvensar for
vurderingsformene.