Busetnadssoga for Stryn. Forprosjektrapport
Abstract
Vi mottok førespurnad om å utarbeide denne rapporten i form av e-post frå leiaren i bygdeboknemnda for Stryn, Jon Rasmus Langeset Vik, datert 30.10.2002. Vi har forstått oppdraget slik at det er eit klart ønske frå bygdeboknemnda at det skal utarbeidast eit moderne bygdebokverk av den typen ein inn til no stort sett har kalla «gards- og ættesoge», men som vi av prinsipielle grunnar i denne rapporten nemner busetnadssoge (sjå definisjon i pkt. 3.1 nedafor). I dette omgrepet inngår soga om busetnaden i kommunen – ikkje berre «gardane» slik den eldre nemninga kan indikere, men òg eldre bustadar som ikkje finst lenger (t.d. husmannsplassar) og all form for nyare bustadar – i meir eller mindre forteljande form. Den eldre sjangeren «gardshistorie» hadde elles innslag av næringshistorie, som rett nok stort sett var avgrensa til jordbruket. Vi rår no til at det i staden blir innarbeidd oversyn over næringsutviklinga i tilnærma full breidde på eit topografisk mellomnivå, i form av grendesoger. Det elementet som før vart kalla «ættesoge» skal sjølvsagt vere med, men vi nyttar her i hovudsak nemninga personregister. Utgangspunktet er altså at Stryn ønskjer eit bygdebokverk av høg kvalitet. Ein konsekvens av dette er etter vår meining at kommunen bør utarbeide eit verk som til ein viss grad byggjer på dei eldre Aalandsbøkene, men der hovuddelane blir heilt nyskrivne.