Storkommunen Borgund. Kommunale tenester og økonomi
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2558394Utgivelsesdato
2005Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Møreforsking Volda har hatt i oppdrag å greie ut om ein storkommune Borgund, som anten femner om alle kommunane på Sunnmøre med Vestnes og Sandøy i tillegg, eller desse kommunane med unntak av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Hovudrapporten frå prosjektet gjer naturlegvis greie for det viktigaste av det prosjektgruppa har kome fram til på ymse felt. Mi oppgåve har primært vore å greie ut om ”kommunaløkonomiske tilhøve for å kunne utvikle eit trendalternativ som samanlikningsgrunnlag og med framstilling av SSB- og KOSTRA-analysar”. Trendalternativet inneber samanslåing av to-tre kommunar der tilhøva for dette kan liggje særleg til rette, eller minst ein av kommunane er nokså liten. Arbeidsrapporten presenterer og ein del bakgrunnsstoff av både generell og meir spesifikk karakter. Med spesifikk vert då meint avgrensing til aktuelle geografiske område. Til slutt i arbeidsrapporten står eit kapittel 8 Nokre KOSTRA-data om Storkommunen Borgund.