Forskarblikk på Barneblikk. Statusvurdering 2018
Abstract
Barneblikksatsinga og høgskulane i Volda og Molde har inngått ein samarbeidsavtale med tre målsetjingar: å skape kunnskap som er relevant for alle partane, styrke samarbeidet mellom Barneblikksatsinga og høgskulane, og styrke samhandlinga mellom praksis- og utdanningsfeltet. Med utgangspunkt i denne avtalen, har styringsgruppa for Barneblikk i Møre og Romsdal Høgskulen i Volda, i samarbeid med Høgskulen i Molde, i oppgåve å gjere ei vurdering av kvar satsinga står i dag og kva ein bør jobbe med framover. I vurderinga tek vi utgangspunkt i dei føringane som ligg til grunn for satsinga og i informasjon frå dei lokale prosessgruppene. Føringane kjem mellom anna til uttrykk i oppdragsdokument, beslutningsgrunnlag og referat frå styringsgruppa. Informasjonen frå dei lokale prosessgruppene er henta frå presentasjonane og diskusjonane på Erfaringssamlinga i Molde 25. mai 2018. Vi vil i denne rapporten skildre kvar arbeidet med Barneblikk i Møre og Romsdal står i dag, og drøfte korleis arbeidet som er gjort i dei lokale prosessgruppene står i høve til føringane som er gitt. Ut i frå dette vil vi peike på moglege utviklingsområde.