Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar. Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?
Abstract
Dette notatet er skrive på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune som del av rammeavtalen mellom fylkeskommunen og Møreforsking. Hensikta med notatet er å gje fylkeskommunen eit kunnskapsgrunnlag for ei eventuell ekstraordinær satsing på dei tre byane Ålesund, Kristiansund og Molde. Notatet baserer seg på tilgjengeleg statistikk, informantintervju med nokre utviklingsaktørar og samtalar med tilflyttarar og fråflyttarar.