Strategisk samarbeid Volda og Ørsta kommunar. Folkehelse i livsløpsperspektiv
Abstract
Volda og Ørsta kommunar er i ein prosess der dei skal vurdere å etablere meir strategisk samarbeid. I samband med det vert det – i perioden hausten 2021–våren 2023 – gjennomført fire samlingar for folkevalde, kommunalsjefar og tillitsvalde. Etter kvar samling skal det skrivast eit notat som summerer hovudpunkt frå samlingane. Dette er notat frå den tredje samlinga, som var i Hornindal 10. november 2022.