Legitimerande regional planlegging
Research report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3114795Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne rapporten er ein del av rapporteringa frå prosjektet ”Endra regionalpolitikk og nye regionale politiske institusjonar og prosessar” som inngår i Norges forskingsråd sitt program om forsking for regional utvikling.
Bakgrunnen for prosjektet er at den regionale planlegginga er under omlegging både i Noreg og i andre land for å møte dei nye utfordringane i regionalpolitikken. Gjennomgåande for denne omlegginga er at regionar blir trekte fram som eigna arenaer for å skape ein regional politikk og dermed framstå som regionalpolitiske aktørar i skjeringspunktet mellom styring ovafrå og mobilisering nedafrå. Men forskinga viser at den nye regionalpolitikken med vekt på å sameine ovafrå ned- og nedafrå opp-politikk, til dels krev heilt nye regionale politiske institusjonar og planprosessar for at regionane skal framstå som politiske aktørar med gjennomslagskraft. Desse nye institusjonane synest å føresette partnerskap mellom
styringsnivåa, og mellom offentleg, privat og frivillig sektor i legitimerande planprosessar innafor ein demokratisk kontroll. Men slike partnerskapsorganisasjonar stiller spesielle krav til balansen mellom effektiv gjennomføringsmakt, demokrati, deltaking og ikkje minst offentlegheit for å sikre nødvendig legitimitet. Denne offentligheita er nødvendig for å hindre at partnerskapsorganisasjonane perverterer til lukka avgjerdsprosessar med mulegheiter for kameraderi og korrupsjon.
Formålet med prosjektet er å gi svar på det sentrale spørsmålet om det er slik at omsynet til offentligheit og demokrati i den nye regionalpolitikken krev nye eller endra regionale politiske institusjonar og planleggingsprosessar for at regionane skal framstå som legitime politiske aktørar med innverknad også på lang sikt. Eit anna formål er å drøfte kva for implikasjonar eventuelle funn bør ha på samansettinga av regionale plan- og utviklingsorgan, handsamingsprosedyre, deltaking, medverking, informering, gjennomføring, læring m.m. i dagens norske plansystem.
Granskinga følgjer ein induktiv forskingsdesign med vekt på teori- og modellbygging. Drøftinga baserer seg på data om både norske og internasjonale plansystem og erfaringar med desse. Vidare trekker eg inn relevante planfilosofiske og planteoretiske perspektiv.