Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda samarbeider om å gje ut ulike skriftseriar som er meinte å vere eit supplement til det som vert utgitt på nasjonale og internasjonale forlag og i ulike tidsskrift. Skriftseriane har ulike "tersklar" for godkjenning og dekkjer såleis ulike nivå av fagleg og vitskapleg arbeid. Arbeidsrapportar er faglege og vitskaplege arbeid som ikkje fullt ut stettar krava til forskingsrapportar. Det kan vere delrapportar innanfor større prosjekt, eller læremateriell knytt til undervisningsføremål. Serien gjekk f.o.m. 2010 inn i rapport-serien.

Recent Submissions

View more