Utdanning møter yrke. Bruk av mentor i kvalitetssikring av praksis.
Working paper
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/154044Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Notat [207]
Sammendrag
Prosjektet ”Kvalitetssikring av praksis gjennom bruk av mentor” vart etter søknad tildelt midlar frå Utdanningsdirektoratet. Føremålet med prosjektet var styrking av praksisopplæringa, og det vart gjennomført i samband med den obligatoriske praksisen til ei deltidsklasse i førskulelærarutdanninga. Behovet for å auke utdanningskapasiteten innan førskulelæraryrket gjer samlingsbasert deltidsutdanning til ei meir og meir aktuell studieorganisering. Den er eit viktig tilbod fordi den fangar opp personar som av ulike årsaker ikkje har høve til å bu eller ha dagleg pendling til utdanningsinstitusjonen. Godt utbygde digitale kommunikasjons- og læringsverkty har gjort det mogeleg å nå studentar som bur i relativt stor avstand frå utdanningsinstitusjonen.