Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørlykke, Reidun Åslid
dc.date.accessioned2014-01-09T09:30:34Z
dc.date.available2014-01-09T09:30:34Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.isbn978-82-7661-305-6
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/154183
dc.description.abstractMed dette skriftet presenterer eg ein didaktikk som løftar fram læring i kunstfaga og læring gjennom kunstfaga. I særleg grad vert det sett fokus på forhold knytt til musikkopplæring og språkopplæring. Det er mitt ønske at dette kan vere til nytte for personale i barnehage og grunnskule og til undervisning av studentar i førskulelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning. Del 1 har fokus på musikkdidaktikk med nokre metodiske moment. Kva føringar ein finn i aktuelle plandokument er med, i tillegg til omtale av moment som går på forholdet mellom musikk og språk/kommunikasjon. Vidare presenterer eg nokre felles element mellom musikk og språk, og korleis ein kan leggje til rette for aktivitetar som stimulerer til utvikling og læring av både musikk og språk i barnehage og begynnaropplæring i skule. I Del 2 har eg lagt vekt på teoriar som løftar fram kunstfaga i seg sjølv, og som viser samanhengen og verdien av kunstfag i høve til andre fag. Eg har i særleg grad fokusert på musikk og språk, men mykje av teorien er også relevant for andre kunstfag og andre allmennfag. Tanken min har vore å løfte fram ein del av det teorigrunnlaget som fortel kva det er ved kunstfaga som gjer at dei er så viktige for barn si læring og utvikling. Utval og presentasjon av teoriar kviler på mi oppfatning av innhaldet i dei ulike teoriane. Det er viktig for meg å presisere at eg er oppteken av at kunstfaga bør ha plass både i direkte kunstfagleg læring og utøving og i tema- og tverrfagleg samanheng. Kunstfaga har sin eigenverdi, og det er ein føresetnad for godt tema- og tverrfagleg arbeid at ein har vorte fortruleg med opplevingsformer og uttrykksformer i kunstfaga. I dag har vi kunnskap om kva kunstfagleg læring kan tilføre den enkelte både når det gjeld kunstfagleg oppleving og erfaring, identitetsdanning og sosial utvikling. Del 2 inneheld omtale av estetiske læreprosessar. Dette byggjer på teoriar inspirert av mellom andre professor Hansjørg Hohr og formidla av dramapedagogane Bennyé D. Austring og Merete Sørensen. Kunstfag i utdanning (“Arts in education") vert presentert av professor Anne Bamford, og har ein sentral plass i del 2. Her vert også undersøkinga om norske tilhøve for kunstfagleg opplæring omtalt. Vidare vert professor Howard Gardner sin teori om multiple intelligensar (MI-teorien) omtalt. Denne vert følgt opp med omtale av korleis teorien har vorte teken i bruk som grunnlag for mellom anna heilskapleg opplæring, tema- og tverrfaglege arbeidsmåtar, språkopplæring og spesialundervisning. Omtale av sider ved MI-teorien som viser tilhøvet mellom intelligens og sub-intelligens, og knyter dette opp mot overføring av læring, byggjer på førsteaamanuensis Odd Torleif Furnes si forståing av Gardner si framstilling. Vidare omtale av kunnskap om hjerneforsking og musikk byggjer på musikkpsykologen Lars Ole Bonde sin presentasjon. Her vert forhold som har med musikk og språk å gjere, sett i fokus. Bonde sin presentasjon av overføring av læring (transfer-omgrepet) vert omtalt. Nyare kunnskap om overføring av læring/transfer byggjer på forsking som er samla og presentert av professor Susan Hallam og forskar og musikkpedagog Andrea Creech.
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldano_NO
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 30
dc.subjectdidaktikkno_NO
dc.subjectlæringno_NO
dc.subjectkunstfagno_NO
dc.subjectmusikkno_NO
dc.subjectspråkno_NO
dc.subjectgrunnskolenno_NO
dc.subjectspråkutviklingno_NO
dc.subjectmusikkundervisningno_NO
dc.subjectintelligensno_NO
dc.subjectkreativitetno_NO
dc.subjectførskoledidaktikkno_NO
dc.subject.ddc707.1
dc.subject.ddc780.71
dc.subject.ddc372.5
dc.titleLæring i og gjennom kunstfag med fokus på musikk og språk. Didaktikk for barnehage og grunnskuleno_NO
dc.typeReportno_NO
dc.subject.nsi280
dc.subject.nsi114
dc.subject.nsi283
dc.source.pagenumber50no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel