Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDvergsdal, Geirmund
dc.contributor.authorGrimsrud, Gro Marit
dc.contributor.authorOlsen, Grethe Mattland
dc.date.accessioned2012-05-04T13:01:13Z
dc.date.available2012-05-04T13:01:13Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.isbn978-82-7692-314-8
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/154209
dc.description.abstractDenne rapporten er skriven på oppdrag frå Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret). Det overordna føremålet med oppdraget har vore å auke kunnskapen om korleis regionale utviklingsaktørar arbeider med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet. Distriktssenteret ønskte å få skildra mangfaldet innanfor og på tvers av fylka, og få samanstilt kunnskap om skilnader og likskapar, samt forståing for spesifikke kjenneteikn og kvalitetar sett oppimot overordna mål om heilskapleg bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Studien skulle avgrensast til Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og dei sentrale aktørane skulle være fylkesmannen og fylkeskommunen. Bygde- og lokalsamfunnsutvikling, eller lokal kapasitetsbygging, er summen av all utvikling gjennomført av enkeltindivid og grupper, og har i lang tid handla om tilrettelegging og myndiggjering for å utnytte lokale ressursar og engasjement. Utviklingsarbeid kan sjåast som målretta innsats for å utvikle det gode samfunnet for dei som bur der, og omfattar det samfunnsbyggande arbeidet både ”innanfrå” (innbyggjarane sjølv) og ”utanfrå” (t.d. staten gjennom omfordeling). Offisielt handlar det om å utfordre lokalsamfunn til å ta tak i eigne utfordringar (St.mld.nr.25 2008-2009), og stimulere til utviklingsarbeid for å auke vekstkrafta nedanfrå på ein berekraftig måte. Distriktssenteret er opptatt av at utgreiinga skal kunne ha læringsverdi. Resultata frå undersøkinga skal mellom anna vere eit bidrag inn i det faglege programmet for konferansen ”Vestlandsk vidsyn – nyskapande lokalsamfunn i vest”, 26-27.10.11. Eit mål for denne konferansen er å styrke læringsnettverk og samarbeid om temaet lokalsamfunnsutvikling. Det er difor eit mål at samanstillinga av dei ulike måtane fylka driv lokalsamfunnsutvikling på, skal gje grunnlag for diskusjon og læring på tvers av fylke og aktørar. Bakgrunnen for oppdraget var at Distriktssenteret sakna kunnskap om mangfaldet i måten det regionale nivået driv bygde- og lokalsamfunnsutviklinga på. Medan det på nasjonalt nivå etter kvart er blitt ein lang tradisjon for å stimulere til og drive slikt arbeid innanfor klart definerte program og satsingar som t.d. Utkantsatsinga, Miljøvenlege småbyar og tettstader, Småsamfunnssatsinga og Bulyst, så synes det vere meir variasjon i måten dei regionale aktørane driv lokalt utviklingsarbeid på. På det regionale nivået er fylkeskommunane og fylkesmennene sentrale utviklingsaktørar, med kvar sine spesifikke oppdrag, og begge med ei rolle i bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Difor er det interessant å få undersøkt korleis dei ulike utviklingsaktørane arbeider på området, og i kva grad og på kva måtar dei samarbeider seg imellom. Ein ønskjer såleis kunnskap om føremål, kjenneteikn og kvalitetar ved ulike arbeidsmetodar
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherMøreforsking Voldano_NO
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 20
dc.subjectRegional utviklingno_NO
dc.subjectEntreprenørskapno_NO
dc.subjectNæringsutviklingno_NO
dc.subjectPartnarskapno_NO
dc.subjectlokalsamfunnsutviklingno_NO
dc.subjectVestlandetno_NO
dc.subjectbygdeutviklingno_NO
dc.subject.ddc338.94833
dc.subject.ddc307.72
dc.titleRegionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandetno_NO
dc.typeReportno_NO
dc.subject.nsi212
dc.subject.nsi230
dc.source.pagenumber47no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel