Lokalavisformelen. Ein studie av lokale fådagsaviser
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/154245Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapportar [138]
Sammendrag
Dei lokale fådagsavisene blir ofte oversett i debatten om tilstanden i det norske medielandskapet. Det er eit paradoks, sidan det er denne delen av den mangslungne avisfloraen som har greidd seg best dei siste åra. Desse avisene lever sine anonyme liv på bygdene og i småbyane, utan å bli inviterte til debattprogramma i riksmedia for å forklare eller forsvare kva dei driv med. Dei aller færraste er rike på kapital i økonomisk forstand, men dei sit på ein ideologisk kapital som er gull verd og som framleis er etterspurd.
I denne studien har eg sette nærare på journalistikken i dei lokale fådagsavisene og den rolla dei spelar i sine lokalsamfunn. Eg har samla dokumentasjon over ein periode på fire-fem år, og eg har hatt mange samtalepartnarar i ulike fasar i prosjektet.