• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Med satsing på fysisk aktivitet i SFO. Eit samarbeid mellom Bratteberg skule og Høgskulen i Volda

Innselset, Elisabeth
Research report
Thumbnail
View/Open
Rapport_nr_31_HVO.pdf (918.4Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/225819
Date
2012
Metadata
Show full item record
Collections
  • Rapportar [138]
Abstract
Samandrag

Bakgrunn

Fleire undersøkingar dokumenterer at regelmessig fysisk aktivitet er viktig for barn og unge si utvikling og fysiske, psykiske og sosiale helse (Mutrie & Parfitt, 1998, Ommundsen, 2000). For at helsa til barn og unge skal ivaretakast på kort og lang sikt, er rådet at barn bør vere i fysisk aktivitet i minimum 60 minutt kvar dag (Helsedirektoratet 2011).

Føremålet med prosjektet

Føremålet med prosjektet var å kartleggje haldningar, læringsutbytte og erfaringar blant dei involverte: SFO-leiaren, SFO-tilsette, instruktørane og foreldre/føresette knytte til fysisk aktivitet som satsingsområde i SFO. Skuleåret 2010/11 hadde SFO ved Bratteberg skule fysisk aktivitet som satsingsområde. Elevane i 1. klasse fikk tilbod om 60 min organisert fysisk aktivitet ein dag i veka i SFO-tida, under leiing av idrettsstudentar frå Høgskulen i Volda. Eit av måla med prosjektet har vore å skape engasjement for fysisk aktivitet i SFO og auke kompetansen til dei tilsette.

Metode

Både kvalitativ og kvantitativ metode vart nytta i studien. SFO-leiaren, SFO-tilsette og instruktørar vart intervjua. Spørjeskjema vart sendt ut til foreldre/føresette til deltakande barn.

Konklusjon

Undersøkinga peikar i retning av positive haldningar, godt læringsutbytte og gode erfaringar blant dei involverte. Som konsekvens av dette prosjektet kan ein rapportere om fleire positive ringverknader knytte til SFO som ein fysisk aktiv arena. Det vert t.d. meldt om meir- og betre struktur i SFO, auka trivsel blant barn og vaksne, auka kompetanse kring fysisk aktivitet og kosthald. Ein kartlegg også forbetringspotensial med tanke på kvaliteten på det som blir tilbydd. Det gjeld både planlegging, kompetanseheving, planar og meir. Med tanke på storleiken på utvalet skal ein vere varsame med å trekkje sikre slutningar og generalisere ut ifrå resultata i denne undersøkinga.

Nøkkelord: barn, fysisk aktivitet, SFO, kompetanseheving.
Publisher
Høgskulen i Volda
Series
Rapport / Høgskulen i Volda og Møreforsking;31

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit