Med nynorsk til betre skriving - med skriving til betre nynorsk. Ei kartlegging ved Ulstein vidaregåande skule
Abstract
Prosjektet Med nynorsk til betre skriving ‐ med skriving til betre læring er eit tverrfagleg skriveprosjekt, som er under utvikling og utprøving ved Ulstein vidaregåande skule. Måla med prosjektet er:
• å gjere elevane til betre og tryggare nynorskbrukarar og til betre og meir reflekterte skrivarar
• å utvikle ein modell som aukar både skrivinga og refleksjonen rundt eiga og andre si skriving
Prosjektet fokuserer på skriving i alle fag og tanken er at betre skriving skal medverke både til bevisstgjering og kompetanse i nynorsk og til betre skriving generelt. Den faglege bakgrunnen for prosjektet er ei oppleving av at elevar med nynorsk som hovudmål har blitt meir usikre i hovudmålet. Ved Ulstein vidaregåande skule er det sett i gang eit prosjekt der føremålet er å prøve å gjere noko med det. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa medverkar i prosjektet.
119 elevar ved Ulstein Vidaregåande skule er med i prosjektet, med oppstart skuleåret 2009‐2010. Tre klasser på studieførebuande program, to på idrett og ein klasse frå tekniske og allmenne fag (TAF) deltek i prosjektet. Tanken er at prosjektet/modellen skal følgje dei same elevane/klassene i VG3 skuleåret 2010‐2011, og at modellen eventuelt skal prøvast ut i klasser også på VG1.