Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFørde, Siv Randi
dc.coverage.spatialNoregnn_NO
dc.date.accessioned2017-02-07T11:51:38Z
dc.date.available2017-02-07T11:51:38Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2429761
dc.description.abstractHensikt og bakgrunn: Eg har valt å sjå nærare på temaet tilknyting hos dei yngste barna i barnehagen, og korleis pedagogiske leiarar kan legge til rette for dette. Bakgrunn for valet mitt er at eg ynskjer å jobbe med dei yngste barna når eg er ferdig med utdanninga. Eg må då ha god kunnskap om korleis eg kan legge til rette for trygg tilknyting, slik at barna får det godt i barnehagen. Teori og avgrensing: Der er mykje aktuell teori og forsking på temaet, men for å avgrense området har eg valt å fokusere på dei teoretikarane eg meiner er viktigast for å kunne belyse mi problemstilling. Det er John Bowlby, Mary Ainsworth og Donald Winnicott. Av nyare aktuell teori har eg valt å fokusere mest på May Britt Drugli (2014) og Gerd Abrahamsen (2011, 2015). Metode: For å få tak i informasjon om dette temaet, har eg valt ein kvalitativ orientert metode, for å kome djupare ned i temaet. Eg valte også å bruke kvalitativt intervju. Ved å bruke kvalitativt intervju kunne eg lettare finne kjernepunkta i det emnet eg ville studere, og eg kunne få ei grundigare skildring av fenomenet som eg var interessert i (Løkken & Søbstad, 2006, s. 107). Truverd: Før intervjua laga eg meg ein intervjuguide med aktuelle spørsmål om temaet. Denne vart godkjent av rettleiar og testa ut i to pilotintervju. Eg la ned mykje arbeid i å stille gode og relevante spørsmål som skulle kunne gi meg svar på mi problemstilling. Informantane fekk ikkje intervjuguiden på førehand. Eg ville ha så ærlege svar som mogleg, for å styrke validiteten til oppgåva, og ikkje svar som dei på førehand hadde lest seg opp på. Funn: Informantane har mykje god kunnskap og erfaring om korleis dei kan legge til rette for trygg tilknyting, og delar sine metodar med meg. Mykje av det informantane svarar er likt, men der er også fleire ting som skil seg ut. Drøfting og konklusjon: Den informasjonen eg får frå mine informantar kan i høg grad relaterast til tidlegare og aktuell teori på temaet. Dei er alle einige om at tilknyting handlar om tryggheit, og det at barnet må få knyte band til ein omsorgsperson i barnehagen. Dei er også alle opptatt av å vise omsorg overfor barna, vere nær og tilgjengeleg.nn_NO
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.subjecttilknytingsåtferdnn_NO
dc.subjectbarnehagebarnnb_NO
dc.subjectførskolebarnnb_NO
dc.subjectomsorgspersonarnn_NO
dc.subjectbarnehagepersonalenb_NO
dc.subjecttilvenning i barnehagennb_NO
dc.titleTilknyting hos dei yngste barna i barnehagennn_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Other disciplines within education: 289nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Psychology: 260::Developmental psychology: 265nb_NO
dc.source.pagenumber42nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel