Show simple item record

dc.contributor.authorEidheim, Synnøve Karine Vatne
dc.date.accessioned2018-05-02T18:59:18Z
dc.date.available2018-05-02T18:59:18Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2496855
dc.description.abstractBakgrunn og hensikt: Temaet høgtlesing i barnehagen er noko som eg har funne interessant i lengre tid, og som eg sjølv kjenner at eg både vil ha og treng meir kunnskap om. Barna som veks opp no, veks opp i eit kunnskapssamfunn der kravet og forventningane til utdanning vert høgre og høgre. Eg ser det derfor som viktig at eg som framtidig barnehagelærar har kjennskap til kvifor og korleis ein les til barna i barnehagen. Dette for å gjere dei betre rusta til å sjølv tileigne seg nødvendig kunnskap gjennom litteratur i skulealder. Avgrensing: Emnet høgtlesing er stort då både språkstimulering og språkutvikling kan knytast opp til emnet. Det har derfor vore nødvendig med ei avgrensing. Grunna oppgåva sitt omfang og tidsperspektivet vil eg ikkje gå inn på dei ulike tiltaka som kan settast i gong for å hjelpe barn med språkvanskar, tidlig innsats, arbeidet med fleirspråklege barn, eller viktigheita av å lese på nynorsk og dialekt, sjølv om granskinga etterspurde svar på dette. Metode: I denne oppgåva er det nytta ei form for metodetriangulering. Eg har nytta i hovudsak spørjegransking, men valde å nytte nokre opne spørsmål der respondenten kunne utdjupe svara sine. Derfor er denne oppgåva overordna kvantitativ, men grensar til det kvalitative. Eg har derfor valt å gjere greie for begge metodane i metodedelen. Svara er frå 54 respondentar frå to kommunar på vestlandet, og alle respondentane har tilhøyrsle i barnehagen. Eg har valt å fokusere mest på dei svara som kom frå respondentar som arbeidar på storbarnsavdeling. Resultat: Mi gransking synte at personalet i barnehagen har noko kjennskap til arbeidet med høgtlesing. Den synte mellom anna at dei nytta samtale om boka dei skulle lese før lesestunda tok til, men at det vart satt av lite tid til samtale om boka undervegs og i etterkant. Vidare synte den at barna i stor grad var med på å velje ut kva bøker som skulle lesast, at bøkene var synlege på avdelinga og at barna i stor grad vart lese for kvar dag og fleire gongar for dag. Validitet og reliabilitet: Gjennom heile oppgåva har eg gjort greie for dei vala eg har tatt, og eg har grundig beskrive forarbeidet til spørjegranskinga, korleis eg systematiserte svara i tabellar, og korleis eg nytta ulike kategoriar på dei opne spørsmåla. Oppgåva er forankra i relevant teori og forsking, samt føringar frå styringsdokument. Moglege feilkjelder i mi gransking kan mellom anna vere at ikkje alle respondentane har oppfatta spørsmåla, teke seg tilstrekkelig med tid til å svare på dei, eller at respondentane har tilpassa svaret sitt til de dei trudde var «rett» svar og dermed ikkje kome med sine eige meiningar og erfaringar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectbarnehage, høgtlesing, høytlesing, lesestrategi, lesing, kvantitativ metodenb_NO
dc.titleHøgtlesing i barnehagen. Ein studie av personalet i barnehagen sitt arbeid med lesestrategiar og høgtlesingnb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber46nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record