Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHellevik, Gro Anita
dc.date.accessioned2018-05-03T06:32:04Z
dc.date.available2018-05-03T06:32:04Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2496869
dc.description.abstractEit samarbeid med fleirspråklege foreldre kan vere utfordrande, der det verbale språket ikkje er likt mellom barnehagepersonalet og foreldra. Dette er noko eg har erfart sjølv frå praksis og som eg søkjer auka kunnskap om. Problemstilling for oppgåva er korleis barnehagen kan leggje til rette for eit godt foreldresamarbeid med fleirspråklege foreldre gjennom den uformelle dialogen? Undersøkinga viser at det uformelle samarbeidet er sentralt for eit samarbeid med fleirspråklege foreldre, og har stor innverknad på det formelle samarbeidet. Utfordringar i samarbeidet kan ein finne både på makronivå, i det organisatoriske og på individnivå. Oppgåva tek føre seg tidlegare forsking og teori som viser både til utfordringar og gode erfaringar på eit godt fleirkulturelt samarbeid, med eit spesielt fokus på kommunikasjon, tillitsbygging og ressursperspektivet i eit fleirkulturelt samarbeid. I kommunikasjonsprosessen er Palludan sine tonar, kva tone ein har med foreldra, og Dahl sin kommunikasjonsteori i fokus, som seier at kjennskap til dei ein skal inngå i dialog med, viktig. Vidare vil tillit og haldningane til personalet vere sentralt i eit samarbeid. Gjennom refleksjon over eigne haldningar blir ein bevisst på korleis møte foreldra med eit ressursperspektiv. For å samle inn data gjorde eg ein kvalitativ studie, der eg gjennomførte tre semistrukturerte intervju. Eg gjorde eit strategisk utval av informantar og intervjua tre pedagogiske leiarar som jobbar i ulike barnehagar, der alle barnehagane har eit stort mangfald til felles. Informantane viste til erfaring og kunnskap frå praksis om korleis ein kan jobbe for eit godt foreldresamarbeid med dei fleirspråklege. I drøftinga er tidlegare forsking og teori knytt saman med funn frå eiga undersøking. Drøfting viser at det er utfordringar i eit samarbeid, der språket ikkje er likt, men og korleis møte desse utfordringane. Dette gjennom god kunnskap om det fleirkulturelle og kjennskap til foreldra ein skal samarbeide med. Vidare viser undersøkinga at ein må setje av tid til fleirspråklege foreldre for å sikre forståing, og at bilete frå kvardagen til borna i barnehagen er gode hjelpemidel i den daglege dialogen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectbarnehage, fleirspråkleg, flerspråklig, samarbeid, foreldre, kommunikasjon, kvalitativ metodenb_NO
dc.titleForeldresamarbeid. Ei kvalitativ studie om foreldresamarbeid med fleirspråklege foreldre i barnehagennb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber44nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel