Show simple item record

dc.contributor.authorTaraldset, Magnhild OlineNB_no
dc.coverage.spatialNorwaynb_NO
dc.date.accessioned2018-06-20T12:22:14Z
dc.date.available2018-06-20T12:22:14Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2502331
dc.description.abstractSamandrag Temaet for denne oppgåva er lærarar sin bruk av skriftlege tilbakemeldingar i norskfaget og om dei har mål om å auke elevar sin skrivekompetanse. Interessa er lagt til ulike faktorar innanfor tilbakemeldingspraksis og korleis lærarar gir skriftlege tilbakemeldingar på elevtekstar. Problemstillinga for studien er: Korleis nyttar eit utval lærarar skriftlege tilbakemeldingar, og på kva måte hjelper dei elevar på 6. og 7. trinn til å auke skrivekompetansen sin? Tilbakemeldingar og bruk av undervegsvurdering i skulen har vist seg å ha stor effekt på læring. Lærarar bør ha som mål å auke kompetansen til elevane noko som krev at lærarane har kunnskap om og kompetanse i tilbakemeldingsgiving. OECD- studien TALIS syner at den norske skulen har ein svakt utvikla oppfølgingskultur og at tilbakemelding og valuering ofte manglar (Vibe, Aamodt, & Carlsten, 2009, s. 9 s.13). Dette er ein av grunnane til at eg ynskjer å sjå på lærarar sin tilbakemeldingspraksis. Målet med denne oppgåva er å rette merksemd mot lærarar sin tilbakemeldingspraksis og elevar si skriveopplæring. Denne studien er basert på ein kvalitativ tilnærmingsmetode. Fire lærarar er intervjua om vurderingspraksisen sin, og det er samla inn elevtekstar med tilhøyrande skriftlege tilbakemeldingar frå tre av informantane. Resultat i mi undersøking kring lærarane sin tilbakemeldingspraksis stemmer også med funn frå studien TALIS. Lærarane seier dei er opptatte av å gi innhaldsrike og rettleiande tilbakemeldingar, men kvaliteten på tilbakemeldingane i denne studien syner at nokre tilbakemeldingar er læringsfremjande, medan andre ikkje er hjelpande for elevane si utvikling av skriving. Lærarane meiner dei tilpassar tilbakemeldingane etter elevnivå, men resultata syner at ein lærar tilpassar, ein tilpassar ikkje, og ein gir mindre innhaldsrike tilbakemeldingar på tekstar som blir vurdert til å ligge på låg måloppnåing. Lærarane legg mest vekt på rettskriving i tilbakemeldingane dei gir, men tekstoppbygging og innhald blir kommentert i stor grad. Språkbruk, kommunikasjon og teiknsetjing blir kommentert i mindre grad. Resultata i studien syner at lærarane i undersøkinga meiner at dei har eit mål om å hjelpe elevane til å auke skrivekompetansen sin, men at dei ikkje medvitne arbeider med dette i tilbakemeldingspraksisen sin.nn_NO
dc.description.abstractAbstract The topic of this master thesis is teachers’ use of written feedback in the subject Norwegian, and how they are increasing pupils’ writing skills. This thesis interests in how teachers use assessment in their teaching and how they provide written feedback on their pupils’ written texts. The research question for the thesis is: How does a selection of teachers use written feedback, and how are they helping pupils to increase their written competence in 6th and 7th grade? Feedback and the use formative assessment has shown to have great effect on learning. Teachers should aim to increase their pupils’ competence,which requires that the teachers have knowledge and expertise in giving feedback. The study TALIS by OECD has shown that the Norwegian school has a weakly developed follow-up culture, and that feedback and evaluation often is lacking (Vibe, Aamodt, & Carlsten, 2009, s. 9 s.13). This in one of the reasons I wish to study teachers’ practice in feedback. The aim of this thesis is to draw more focus on teachers’ feedback and pupils’ writing. This study is based on a qualitative approach. In this study, four teachers are interviewed about their assessment practice and student texts, along with the teachers’ comments, are collected from three of the teachers. Results show that the findings in the study TALIS also is consistent for the teachers in my study. The teachers in my study are saying that they are aiming to give good and guiding feedback to their pupils. However, my study shows that the quality of the feedback that is given varies between the teachers. Some feedback promotes learning, while other feedback is not at all helping pupils to become better writers. The teachers also implies that they customize feedback to each pupil, but my results shows that only one of the teachers adapts feedback, that one teacher does not, and that one of the teachers is giving less beneficial feedback on texts with low goal achievements. In their feedback, teachers focus mostly on orthography, and then text structure and content. Language use, communication and punctuation are less commented on. Findings indicate that the teachers believe they are aiming to help increase their pupils’ writing skills, but they do not consciously work with this in their feedback practiceen
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.subjectelevteksternn_NO
dc.subjectskrivekompetansenn_NO
dc.subjectattendemeldingnn_NO
dc.subjectrettleiingnn_NO
dc.subjectvurderingspraksisnn_NO
dc.subjectskriveutviklingnn_NO
dc.subjectgrunnskolennn_NO
dc.subjectbarneskoleelevarnn_NO
dc.subjectskriveopplæringnn_NO
dc.subjectnorskfagetnn_NO
dc.subjectskriftleg norsknn_NO
dc.subjectundervisningsmålnn_NO
dc.titleLærarar sin bruk av tilbakemeldingar i norskfaget – korleis fremjar dei elevar sin skrivekompetanse?nn_NO
dc.title.alternativeLærar sin bruk av vurdering for å fremje skrivekompetansenn_NO
dc.typeMaster thesisen
dc.rights.holderforfattarennn_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283nb_NO
dc.relation.projectNSD 45595nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record