Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRossehaug, Eilev Øyjordet
dc.date.accessioned2018-08-16T12:01:57Z
dc.date.available2018-08-16T12:01:57Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2558263
dc.description.abstractDenne studien handlar om skulelivskvaliteten til tidlegare elevar ved alternative skular. Trass i at relativt mange er elevar ved alternative skular er dette ei elevgruppe som ikkje er godt representert i forskinga. Det er heller ikkje omfattande forsking kring skulelivskvalitet som teoretisk omgrep. Dette har vore problemstillinga i denne studien: Korleis opplever tidlegare elevar ved alternative skular at eigen skulelivskvalitet ved dei alternative skulane var? Metoden eg har nytta for å svare på problemstillinga er retrospektive, kvalitative forskingsintervju. Desse intervjua har vore semistrukturerte, som vil seie at forma på dei har vore slik at den har opna for at intervjupersonane har andre perspektiv enn det som var utgangspunktet. Det teoretiske rammeverket for studien er i hovudsak henta frå det teoretiske omgrepet skulelivskvalitet. Skulelivskvalitet er eit sensitiverande omgrep, som vil seie at det peikar på viktige eigenskapar ved sosiale fenomen, men at det ikkje har klåre standardar å måle fenomena etter. Omgrepet har fire dimensjonar – kontrolldimensjonen, arbeidsdimensjonen, relasjonsdimensjonen og tidsdimensjonen. Desse dimensjonane verkar inn på kvarandre. Ut frå dei fire dimensjonane blei relasjonar og meistringstru valt som dei konkrete teoretiske rammene for studien. I tillegg er problemstillinga sett i samanheng med den norske skulens mål om å ha ein inkluderande fellesskule. Datamaterialet i studien er samansett av seks intervju med seks ulike intervjupersonar. Resultata frå desse intervjua viste tydelege mønster, men òg avvik frå mønstra. I denne undersøkinga er det fire hovudfunn. Det fyrste handlar om kor viktig fortida har vore for korleis intervjupersonane oppfatta eigen skulelivskvalitet, medan det andre funnet handlar om opplevinga deira av støttande relasjonar ved dei alternative skulane. Det tredje funnet handlar om at intervjupersonane opplevde meir meistring. Det siste funnet handlar om at fleire av intervjupersonane kjende seg inkluderte i det som kan definerast som ekskluderande tiltak. Resultata og drøftinga i denne studien opnar for vidare forsking, og det vert tilrådd fleire moglege vegar å gå for å få meir kunnskap kring tematikken.nb_NO
dc.description.abstractSummary This study revolves around former pupils who attended alternative schools, and focuses on what quality of life the pupils experienced when they attended these schools. Even though relatively many pupils attend alternative schools, they are not extensively represented in research. Nor is there expansive amounts of research on quality of school life as a theoretical concept. The research question in this study has been: What experiences of their own quality of school life did former pupils attending alternative schools have when attending these schools? The method used to answer the research question is retrospective, qualitative research interviews. The interviews have been semi-structured, meaning that the informant may bring other perspectives to the interview than was thought of beforehand.The theoretical framework for this study is mainly taken from the theoretical construct of quality of school life. Quality of school life is a sensitising concept, which means that it points to important features of social phenomenons, but it does not have clear standards to be measured up to. The concept has four dimensions – the dimension of control, the work dimension, the dimension of relationships and the dimension of time. These dimensions affect each other. Based on the four dimensions, relationships and self-efficacy were chosen as the main theoretical constructs for this study. In addition, the research question has been seen in the context of the Norwegian school’s goal of having an inclusive school. The data material in the study consists of six interviews with six different informants. The results showed clear patterns, but also deviations from these patterns. There are four main results in this study. The first result is the importance of the past for the informants perceptions of their own quality of school life. And the second result is the informants experience of supportive relationships while attending the alternative schools. The third result is that the informants experienced more coping while attending the alternative schools. The last result is that several of the informants felt included in what could be described as exclusionary measures. The results and discussion in this study opens for further research, and several possible research points are being put forward.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleSkulelivskvalitet ved alternative skular. Ei kvalitativ, retrospektiv undersøking av tidlegare elevar si oppleving av eigen skulelivskvalitetnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282nb_NO
dc.source.pagenumber102nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel