Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRemme, Elin Grønningsæter
dc.date.accessioned2018-08-23T10:47:02Z
dc.date.available2018-08-23T10:47:02Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2559051
dc.description.abstractDenne masteroppgåva er ein hermeneutisk studie av korleis lærarar forstår og arbeider med fordjupingsoppgåva i norsk vg3. Problemstillinga er: korleis konkretiserer, tilrettelegg og rettleiar lærarar elevar i arbeidet med fordjupingsoppgåva i norsk vg3? Eg har nytta to kvalitative metodar, semistrukturert intervju og dokumentanalyse. Fire lærarar frå ulike skular i Møre og Romsdal har vore informantar. Dokumenta som er analyserte, er dei dokumenta informantane har delt ut til elevane i samband med fordjupingsoppgåva i norsk. Funn i denne studien viser at lærarane som har vore informantar, har tilnærma den same forståinga av kompetansemålet knytt til fordjupingsoppgåva i norsk, noko som har kome fram i forskingsintervjua. Samstundes som lærarane tilsynelatande har ei sams oppfatning i innhaldet i kompetansemålet, blir skilnadene relativt store i konkretiseringa som blir gjort av fordjupingsoppgåva. Dette kan mellom anna forklarast med at arbeidet med fordjupingsoppgåva har ulik legitimering. Føremålet med fordjupingsoppgåva blir av alle informantane sett på som mangfaldig, men det har blitt synleggjort at fordjupingsoppgåva kan legitimerast gjennom perspektiv knytt til nytte, danning og djupnelæring. I tillegg ynskjer nokre informantar å legitimere fordjupingsoppgåva gjennom leseopplevingar, noko som eg har synt er problematisk sidan det er vankeleg å knyte leseopplevingar direkte opp mot læreplanen. I samband med fordjupingsoppgåva blir det bygd stillas for eleven si læring ved mellom anna eksplisitt sjangeropplæring, både sjangeropplæring i munnlege tekstar og skriftlege tekstar. Studien viser at lærarane har ulik tilnærming til rettleiing av elevar i samband med fordjupingsoppgåva. Det kan sjå ut som rettleiing til elevar som skal levere inn ein skriftleg tekst er meir strukturert enn den rettleiinga som blir gjeve til elevar som skal framføre ein munnleg tekst. Eit viktig utgangspunkt for eleven sitt arbeid med fordjupingsoppgåva, er at han kjenne til måla for arbeidet. Dette kan kome til uttrykk gjennom vurderingskriterier som er formulerte for fordjupingsoppgåva. Studien viser at tre av informantane har delt ut vurderingskriterier, ein av informantane har ikkje eigne vurderingskriterier for fordjupingsoppgåva. For å forstå formuleringane i vurderingskriteria krev det at lesaren har høg lesekompetanse, det er difor avgjerande at vurderingskriteria blir forklart for eleven.nb_NO
dc.description.abstractSummary This master thesis is a hermeneutic study in how teachers understands and works with the in-depth study task in «Norsk VG3». The question I seek to answer in my thesis is; How do teachers concretize, organize and guide the students with their in-depth study in “Norsk vg3”? I have used two different qualitative approaches; semi-structured interview and document analysis. The informant samples comprise of four teachers from different schools in Møre og Romsdal. The documents used are those my informants have handed out to their students while working with the in-depth study. The study shows that all the informants had the same interpretation of the competence aim about the in-depth study. Even though the informants had the same interpretation if the competence aim, how they implement the in-depth study differs. This can be explained bythe fact that the work with the in-depth study has different justifications. The main aim with the in-depth study is seen by all the informants as diverse, but the study shows that in order to justify the in-depth study most informants links it to value, development, education and in-depth learning. Furthermore, some of the informants wanted to use the reading experience as a justification, this I find difficult to link to the Norwegian subject curriculum. Genre training, both written and oral texts, is one of the ways the informants help the students by scaffolding. My study shows the different informants ways of guiding the students through the in-depth study. It seems like the guiding the students receive differs on if it is a written or an oral text- the guiding seems more structured to those students who have chosen a written text. In such a study as the in-depth study, it is vital that the students know the aim for the study. This could be concretised by assessment criterions based on the learning objective of the in-depth study. The study shows that three of the informants uses their own assessments criterions, the last informant does not use special assessments criterions for the in-depth study. In order to interpret the assessment criterions high reading competence is required, therefor it is vital that the criterions are fully explained to the student.
dc.description.sponsorshipnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleFordjupingsoppgåva i norskfaget. Korleis konkretiserer, tilrettelegg og rettleiar lærarar elevar i arbeidet med fordjupingsoppgåva i norsk vg3?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010nb_NO
dc.source.pagenumber147nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel