Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStokke, Hanne
dc.date.accessioned2018-08-23T11:07:49Z
dc.date.available2018-08-23T11:07:49Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2559058
dc.description.abstractDenne studien har hatt som føremål å kartleggje haldningar blant elevar med nynorsk som hovudmål. Bakgrunnen for dette har vore eit ynskje om å setje lys på korleis elevane sjølve opplever kvardagen som nynorskbrukarar, og kva forhold dei har til eiga målform. Den metodiske tilnærminga i studien har vore kvantitativ. Datamaterialet har vorte innhenta gjennom ei spørjeundersøking blant elevar på VG2 i Møre og Romsdal fylkeskommune og er basert på 234 innkomne svarskjema. Spørjeskjemaet har bestått av ein kombinasjon av opne og prekoda spørsmål, noko som har opna opp for både kvalitativ og kvantitativ analyse av datamaterialet. Resultata frå undersøkinga gjev oss eit innblikk i desse elevane si oppleving av det å vere nynorskbrukarar i dag. I undersøkinga er det fanga opp haldningar blant elevane gjennom eit spørjeskjema der dei tre aspekta identitet, nynorsk i kvardagen og nynorsk i framtida vart tematisert. Gjennom å forske på åtferd, einingar og verdiprioriteringar blant elevane, har undersøkinga freista å fange opp kompleksiteten ved det å forske på haldningar. Resultata viser at breidda i datamaterialet er stort, og at haldningane blant elevane varierer frå heilt positiv til heilt negativ. Det kjem òg til syne at elevane er svært kompetente språkbrukarar, som tilpassar språk etter mottakar og kontekst. Majoriteten av elevane ser ut til å ha positive haldningar til nynorsk og eit godt forhold til målforma si. Men fleire peikar òg på utfordringar med det å vere nynorskbrukar i dag. Blant anna vert andre sine negative haldningar, lite eksponering for nynorsk og frykta for å ikkje bli forstått av andre presentert som utfordringar i kvardagen. Oppsummert viser studien at majoriteten av elevane er både fornøgde med, og stolte av, å vere nynorskbrukarar i dag, samstundes som målforma vert pressa i møte med andre sine haldningar, bokmål, engelsk og dialektbruk.nb_NO
dc.description.abstractSummary The subject of this master thesis is to gain insight in Norwegian students’ experience using Nynorsk as their main written language. We have two standardized, written forms of the Norwegian language, Bokmål and Nynorsk. The majority of Norwegian students use Bokmål as their main written language, and the purpose of this quantitative study is to gain further insight into the attitudes amongst those who have chosen Nynorsk instead of the dominating version of the written language, Bokmål. This quantitative study is depending on a survey with 234 students using Nynorsk as their written language. The informants were handed a digital survey with questions about linguistic identity, both their own and others’ attitudes towards Nynorsk, how they experience being a user of the less dominating written language, as well as ow they look at themselves as Nynorsk users in the future. The survey contained both qualitative and quantitative questions, to capture several sides of the attitudes amongst Nynorsk students. The study shows us that there exists a wide spectre of attitudes within this group of students, ranging from very positive to very negative. The results also shows us the complexity of studying attitudes and identity. However, this master thesis has tried to chart this phenomenon amongst Nynorsk students in one of the areas of Norway where this written language is most common. Overall, it seems like most of the students are satisfied with their own choice of language, and many of them seem proud of Nynorsk. Although they see challenges with being a part of the minority, they still choose to maintain Nynorsk as their main written language. However, we can see that they point out challenges like negative attitudes amongst others, less exposure to Nynorsk and the fear of not being understood by others.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleStolt og pressa. Ei kvantitativ undersøking av haldningar blant nynorskelevar på VG2 i Møre og Romsdal fylkeskommunenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nb_NO
dc.source.pagenumber126nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel