• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Nynorsk skriftkultur
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Nynorsk skriftkultur
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Med nynorsk på leselista. Ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelag

Eiksund, Hjalmar
Master thesis
Thumbnail
Åpne
master_Eiksund_2010.pdf (4.275Mb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2585378
Utgivelsesdato
2010
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Nynorsk skriftkultur [21]
Sammendrag
Tittelen på denne oppgåva – Med nynorsk på leselista – kan ein lese på to vis, både med positivt og negativt forteikn: Anten som ei stadfesting på at nynorsk blir lese, eller som eit retorisk spørsmål. – Har elevar i det heile nynorsk på leselista? Siktemålet har vore å få oversikt over kva som er med på å forme synet ungdommar har på kva som er korrekt skriftspråk. Sidan eg sjølv er nynorskbrukar, både på fritida og i arbeidssamanheng, er det naturleg for meg å ta utgangspunkt i nynorsk skriftkultur.

Det har frå fleire hald vore hevda at bokmålsdominansen i den norske ålmenta er så stor at skikkeleg innlæring av nynorsk blir vanskeleg1. Kor stor bokmålsdominansen er, veit vi derimot lite om. Vi har ganske god oversikt over kor mykje dei ulike typane massemedium er brukte i ulike aldersgrupper (Statistisk sentralbyrå 2010), men få undersøkingar fokuserer på kva språk desse tekstane er skrivne på.

Konsekvensane veit vi meir om. Med bakgrunn i fleire internasjonale undersøkingar, har det frå regjeringshald vore hevda at nynorskelevar presterer dårlegare enn bokmålselevar (Kulturdepartementet (KUD) 2007-2008, kap 4.2). I tillegg er fråfallet av nynorskskrivande markant, særleg etter vidaregåande (Wadsten 2008). Kva dette fråfallet kjem av, er derimot uvisst. Sidan mange legg bort nynorsken i overgangen skole/jobb, kan mykje tyde på at elevar med nynorsk som opplæringsmål, oppfattar språket sitt som ueigna i jobb og samfunnsliv. Trass i dette er nynorsk eit levande språk med kring 500 000 meir eller mindre aktive brukarar, og med forlag, aviser og tunge kulturinstitusjonar til å støtte opp om bruken (Grepstad 2010). Det kan derfor sjå ut til at det er eit misforhold mellom den opplevde situasjonen til mange nynorskbrukarar og det reelle tilhøvet for nynorsk.
Utgiver
Høgskulen i Volda

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit