Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEiksund, Hjalmar
dc.date.accessioned2019-02-14T09:08:23Z
dc.date.available2019-02-14T09:08:23Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2585378
dc.description.abstractTittelen på denne oppgåva – Med nynorsk på leselista – kan ein lese på to vis, både med positivt og negativt forteikn: Anten som ei stadfesting på at nynorsk blir lese, eller som eit retorisk spørsmål. – Har elevar i det heile nynorsk på leselista? Siktemålet har vore å få oversikt over kva som er med på å forme synet ungdommar har på kva som er korrekt skriftspråk. Sidan eg sjølv er nynorskbrukar, både på fritida og i arbeidssamanheng, er det naturleg for meg å ta utgangspunkt i nynorsk skriftkultur. Det har frå fleire hald vore hevda at bokmålsdominansen i den norske ålmenta er så stor at skikkeleg innlæring av nynorsk blir vanskeleg1. Kor stor bokmålsdominansen er, veit vi derimot lite om. Vi har ganske god oversikt over kor mykje dei ulike typane massemedium er brukte i ulike aldersgrupper (Statistisk sentralbyrå 2010), men få undersøkingar fokuserer på kva språk desse tekstane er skrivne på. Konsekvensane veit vi meir om. Med bakgrunn i fleire internasjonale undersøkingar, har det frå regjeringshald vore hevda at nynorskelevar presterer dårlegare enn bokmålselevar (Kulturdepartementet (KUD) 2007-2008, kap 4.2). I tillegg er fråfallet av nynorskskrivande markant, særleg etter vidaregåande (Wadsten 2008). Kva dette fråfallet kjem av, er derimot uvisst. Sidan mange legg bort nynorsken i overgangen skole/jobb, kan mykje tyde på at elevar med nynorsk som opplæringsmål, oppfattar språket sitt som ueigna i jobb og samfunnsliv. Trass i dette er nynorsk eit levande språk med kring 500 000 meir eller mindre aktive brukarar, og med forlag, aviser og tunge kulturinstitusjonar til å støtte opp om bruken (Grepstad 2010). Det kan derfor sjå ut til at det er eit misforhold mellom den opplevde situasjonen til mange nynorskbrukarar og det reelle tilhøvet for nynorsk.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectnynorsknb_NO
dc.subjectlesingnb_NO
dc.subjectlesevanernb_NO
dc.subjectlesevanarnb_NO
dc.subjectungdomnb_NO
dc.titleMed nynorsk på leselista. Ein komparativ studie av lesevanar blant ungdommar på Sunnmøre og i Trøndelagnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nb_NO
dc.source.pagenumber153nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel