Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKjelland, Arnfinn
dc.contributor.authorStorøy, Jonill
dc.coverage.spatialNorway. Sogn og Fjordane. Førdeen
dc.date.accessioned2019-12-16T12:16:54Z
dc.date.available2019-12-16T12:16:54Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2633405
dc.description.abstractI hundreårsperioden frå 1825 til 1925 utvandra over åtte hundre tusen nordmenn til Amerika.I starten var reisa lang og farleg, og dei fleste som reiste tidleg på 1800-talet hadde nok lite håp om å komme heim igjen. I 1856 reiste nesten alle emigrantane over med seglbåt, under tjue år seinare, i 1873, reiste nesten alle med dampbåt. Kortare reisetid og billegare billettar gjorde at det ikkje berre blei enklare å reise til Amerika, det blei også enklare å reise heim.Om lag ein fjerdedel av dei som reiste etter 1880 kom tilbake til Norge. Det vil seie at nesten 140 000 personar kom heim etter å ha vore kort eller lang tid i Amerika. Frå Sogn og Fjordane reiste det 23 000 personar i perioden frå 1876 til 1915, altså kom nesten seks tusen personar heim til Sogn og Fjordane. Med seg hadde dei opplevingar av ein annan kultur, eit anna språk og eit anna liv. Vi har høyrt om Amerikabrev som gjorde stort inntrykk på folk i Norge, og om pengar sendt frå Amerika som var til god hjelp for dei som var heime, men kva med dei som kom attende? Blei livet deira annleis enn før dei reiste? Påverka dei samfunnet dei kom attende til? I artikkelen Return migration – old story, new story seier Wyman at dei som kom heim hadde stor positiv innverknad på lokalsamfunnet. Han seier at remigrantane var ein stor medverkande faktor til at dei skandinaviske landa klarte seg så bra utover på 1900-talet. Ingrid Semmingsen seier norsk-amerikanarane blei oppfatta som velståande, brautande skrytepavar, men distrikslegane skraut av dei norsk-amerikanske kvinnene som lærte norske nytt nettverk når dei kom heim som skilte seg frå søskena sitt? Var remigrantane meir populære som fadrar enn søskena som var bufaste i bygda? Fekk remigrantane ein positiv sosial mobilitet? Tok dei med seg pengar og kunnskap heim frå Amerika som gjorde at dei klarte seg betre enn søskena sine? I folketeljinga i 1910 blei alle spurt om dei hadde vore i Amerika, men ikkje alle opplyste om det likevel. Gjekk det dårlegare med dei som ikkje sa dei var remigrantar enn dei andre? I denne oppgåva vil eg gjere ei systematisk gransking av nokon av dei som kom attende til Førde sokn for å sjå kva spor dei sette etter seg.Fekk remigrantane eit nytt nettverk som skilte seg frå søskena sitt? Svaret på det er nei. Remigrantane og søskena ser ut til å halde seg med same gruppene personar, slekt og naboar. Eg ser ingen teikn til at dei begynte å halde seg med folk frå ei høgare sosial klasse enn det søskena gjorde.Var dei meir populære som fadrar enn søskena sine? Ja, det var dei, både som fadrar og forlovarar. Remigrantane blei oftare valde som både fadder og forlovar enn søskena sine, men berre for folk dei kjente godt frå før. Fekk remigrantane ein positiv sosial mobilitet? Ja, dei gjorde det, sjølv om tala ikkje er så klare her, som når det gjeld fadderskap . Gardane til remigrantane var også mindre belånt enn søskena sine. Eg ser ingen forskjell på den sosiale mobiliteten til dei remigrantane som opplyste i folketeljinga at dei hadde vore i Amerika og dei tre som ikkje gjorde detnn_NO
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskulen i Voldann_NO
dc.titleBrautande skrytepavar eller redningsmenn for bygdene? Undersøking av remigrantar til Førde sokn i perioden 1910-1924nn_NO
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Historie: 070::Moderne historie (etter 1800): 083nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Demografi: 300nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Sosiologi: 220nb_NO
dc.source.pagenumber69nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel