Skiftande skrivedidaktikk. Ein studie av skrivedidaktiske retningar i vidaregåande opplæring slik dei framstår i læreplanar og Norsklæraren i perioden 1977-2017
Abstract
Abstract
The topic for this master’s thesis is writing didactics in the Norwegian subject in Upper Secondary School. The thesis examines which trends in writing didactics that have been dominating the curricula for Upper Secondary School and the journal Norsklæraren in the period 1977-2017.
To illuminate this, the thesis focuses on three research questions:
Which trends in writing didactics do we find in the curricula for the Norwegian subject in the period 1977-2017?
Which writing didactics discussions and tendencies dominate in Norsklæraren during the same period?
Do new tendencies appear first in the curricula or in Norsklæraren?
In order to answer my research questions, I have used a qualitative research method in the form of document analyses. The material I have examined is the curricula for Upper Secondary School from 1976, Reform 94 and the curricula for the Knowledge Promotion Reform of 2006/2013, and the journal Norsklæraren, which has been one of the main arenas for the discussion about the discipline of Norwegian since it was founded in 1977.
The study shows that different trends in writing didactics in Norwegian writing pedagogy have been dominating at different times, and that this is reflected in both curricula and in the academic debate in Norsklæraren. During the 70s and 80s we see a clear tendency towards an emphasis on writing within the nonfiction genre implemented through language analysis. However, during the 80s we see the employment of process-oriented writing pedagogy, and also creative writing leading to a shift towards exploring literary genres. The study also shows that genre writing has been present throughout the whole period, but that a more functional view of writing has become more dominating after the Knowledge Promotion Reform of 2006. The analysis shows that it is mainly the curricula that have been the trendsetter for the changing writing didactics during the examined period, meaning that the top-down perspective has been dominating. However, the analysis also shows indications of the bottomup perspective, and that this perspective has influenced both the actual teaching and the curricula. The latter is especially clear in Reform 94, where the process-oriented writing pedagogy has made an impact, and in the revision of the Knowledge Promotion Reform in 2013, where the genres are less emphasized, while text types and writing actions are more emphasized. Samandrag
Denne masteroppgåva handlar om skrivedidaktikk i norskfaget i vidaregåande opplæring. Føremålet med oppgåva er å klarleggje kva for skrivedidaktiske retningar som har vore dominerande i læreplanar for vidaregåande opplæring og i tidsskriftet Norsklæraren i perioden 1977-2017 og kven som har vore premissleverandørar for dei ulike skrivedidaktiske retningane.
For å belyse dette legg oppgåva til grunn tre forskingsspørsmål:
Kva skrivedidaktiske retningar finn ein i læreplanane for norskfaget i perioden 1977-2017?
Kva for skrivedidaktiske drøftingar og tendensar dominerer Norsklæraren i same periode?
Oppstår nye tendensar først i læreplanane eller i Norsklæraren?
For å finne svar på forskingsspørsmåla har eg nytta kvalitativ dokumentanalyse. Materialet som ligg til grunn for datainnsamlinga, er Læreplan for den videregående skole 1976 og læreplanane i norsk frå Reform 94, Kunnskapsløftet 2006 og revisjonen av Kunnskapsløftet i 2013, og tidsskriftet Norsklæraren i perioden 1977-2017. Norsklæraren er eit medlemsblad for Landslaget for norskundervisning (LNU), og har vore eit viktig forum for norsklærar og forskarar for debatt om norskfaget og norskfaget si utvikling heilt sidan starten i 1977.
Analysen viser at ulike skrivedidaktiske retningar innanfor norsk skrivepedagogikk har vore dominerande til ulike tider, og at dette blir spegla både i læreplanar og i den norskfaglege debatten i Norsklæraren. På 70- og 80-talet ser vi ein klar tendens til at det å skrive innanfor sakprosasjangeren vert særleg vektlagt gjennom språkbruksanalysen. Samstundes ser vi i mange av innlegga i Norsklæraren utover 80-talet ein argumentasjon for å i større grad utforske skjønnlitterære sjangrar i og med innføring av kreativ skriving og prosessorientert skrivepedagogikk. Analysen viser også at sjangerskriving har stått sterkt gjennom store delar av den granska perioden, men at eit meir funksjonelt syn på skriving har blitt meir dominerande etter innføringa av Kunnskapsløftet i 2006. Sjølv om analysen viser at det i første rekkje er læreplanane som har vore premissleverandør for dei skiftande skrivedidaktiske retningar i vidaregåande opplæring i det meste av den granska perioden, dvs. at top-down perspektivet har vore dominerande, viser den også klare indikasjonar på at bottom-up perspektivet har spela inn, både i den reelle skriveopplæring og i sjølve læreplanverket. Det siste er særleg tydeleg i Reform 94, der det er tydeleg at den prosessorienterte skrivepedagogikken har sett spor etter seg, og i læreplanrevisjonen av Kunnskapsløftet i 2013 der vektlegginga av sjangrar er tydeleg tona ned, medan teksttypar og skrivehandlingar blir vektlagde dess meir.