Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndenes, Ellen
dc.date.accessioned2021-01-04T15:49:46Z
dc.date.available2021-01-04T15:49:46Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2721343
dc.description.abstractIntroduksjon: Psykiske vanskar er eit aukande samfunnsproblem. 10-15% av alle barselkvinner får symptom på barseldepresjon i større eller mindre grad. Nybakte mødre si psykiske helse er eit av mange tema i helsestasjonsarbeidet. Dei siste åra har over 200 av landet sine helsestasjonar teke i bruk the Edinburgh Postnatal Deppresion Scale (EPDS) for å førebygge og oppdage barseldepresjon. EPDS er eit spørjeskjema som kvinna skal fylle ut på 6-vekers konsultasjonen på helsestasjonen, og skal brukast som eit utgangspunkt for samtale omkring korleis ho har det. EPDS er ikkje anbefalt som screening i dei nasjonale rettningslinjene for barselomsorga på grunn av for dårlige måleeigenskapar, testen har for lav spesifisitet. Likevel har såpass mange helsestasjonar innført metoden. EPDS er eit evidensbasert verktøy. Evidensbasert praksis (EBP) får stadig større fotfeste innan både helsevesenet og andre delar av hjelpeapparatet. Dette gjeld også bruken av ulike kartleggingsverktøy. Det er ikkje gjort studiar på korleis norske kvinner opplever å bruke eit spørjeskjema omkring eiga psykisk helse på helsestasjonen. Derimot er det fleire studiar som finn at helsesøstrene er godt nøgde med tiltaket, som dei opplever som ei kvalitetssikring av arbeidet. Hensikta med studien er å få kunnskap om kva erfaringar barselkvinner har med å bruke skjema som utgangspunkt for samtale. Problemstillinga for studien er: ”Opnar eller lukkar EPDS for samtale på helsestasjonen?” Metode: Studien nyttar metodetriangulering. Det er gjennomført ei lita spørjeundersøking (n=30) i forkant av sju semistrukturerte, individuelle forskingsintervju. Deltakarane er barselkvinner frå den same helsestasjonen. Resultat: Det kvantitative datamaterialet syner at om lag to tredjedelar av kvinnene er godt nøgde med tiltaket. Om lag ein tredjedel er ambivalente eller misnøgde. Dette viser eit forbetringspotensiale for korleis EPDS blir brukt i praksis. Det kvalitative datamaterialet viser ulike erfaringar med å bruke skjema som utgangspunkt for samtale. Analysen identifiserer fem positive og negative faktorar: (1) EPDS-skjema kan både opne og lukke for samtale, (2) både bidra til subjektivering og objektivering, (3) normalisering og sjukeliggjering, (4) refleksjon og kontroll og (5) skape både relasjon og avstand. Konklusjon: Studien viser at det er ulikt korleis barselkvinner opplever å bruke skjema som utgangspunkt for samtale. Det er vesentlig at helsesøster brukar faglig skjønn i møtet med den einskilde kvinna. Eit skjema kan aldri erstatte ”den gode samtalen”. Studien sitt praktiske bidrag peiker på forhold det er viktig at helsesøster tek omsyn til når ho bruker kartleggingsverktøyet EPDS.en_US
dc.description.abstractSummary: Introduction: Mental illness is an increasing social problem. 10 to 15% of all post-natal women will to a greater or lesser degree experience symptoms of post-natal depression. The mental health of new mothers is an important theme in public health centers. Over the last years more than 200 public health centers in Norway have adopted the Edinburgh Postnatal Depression Scale (EPDS) in order to prevent and discover post-natal depression. EPDS is a questionnaire to be filled out by the woman at the 6-week consultation at the center. It is used as a starting point for a conversation about her mental health. Because of low specificity, EPDS is not recommended as a screening instrument in the national guidelines for post-natal health care. Despite this, more than 200 centers have adopted the method. Evidence-based practice (EBP) is gaining an increasing footing in health care services, as well as in other parts of the supporting system. This includes the use of different screening instruments. So far there has been no studies on how women experience the use of questionnaires about their own mental health when visiting their local health center. On the other hand, a number of studies have found that public health nurses are satisfied with the method, which they find to be a quality assurance of their work. The aim of this study is to investigate how post-natal women experience the use of the EPDS-questionnaire as a starting point for communication/conversation. The question posed is whether EPDS facilitates or hinders communication between post-natal women and the public health nurse. Method: The study uses methodtriangulation. A small survey (n=30) was conducted ahead of 7 qualitative semi-structured, individual interviews. Participants were post-natal women from one local health center. Results: Data from the survey shows that 2/3 of the women are satisfied with the use of EPDS. About 1/3 are either ambivalent or dissatisfied. This shows clear room for improvement in how EPDS is used in practice. The qualitative data shows differing experiences with the use of the questionnaire. The analysis identifies 5 pairs of positive and negative concepts: (1) EPDS-questionnaire can both facilitate and hinder communication, (2) contribute to subjectivisation as well as objectivisation, (3) normalisation or pathologisation, (4) reflection or control and (5) create relation or distance. Conclusion: The study shows that post-natal women have differing experiences with the use of EPDS as a starting point for discussing their mental health. Public health nurses should use their professional understanding in dialogue with the individual women. A questionnaire can never replace “the good talk”. The practical implication of the study highlights some points which should be taken into consideration when using EPDS.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectbarselen_US
dc.subjectbarseldepresjonen_US
dc.subjectpsykisk helseen_US
dc.subjecthelsesøsteren_US
dc.subjecthelsestasjonen_US
dc.subjectmetodetrianguleringen_US
dc.subjectEPDSen_US
dc.titleSkjemabasert eller fri samtale? Ein studie om barselkvinner sine erfaringar med å bruke the Edinburgh Postnatal Depression Scale (EPDS) i møtet med helsesøsteren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700en_US
dc.source.pagenumber121en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel