Show simple item record

dc.contributor.authorSolheim, Kine
dc.date.accessioned2021-03-02T12:47:40Z
dc.date.available2021-03-02T12:47:40Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2731167
dc.description.abstractEinsleg mindreårige flyktningar er ei sårbar og utsatt gruppe. Dei står ovanfor ei stor utfordring når dei skal tilpasse seg eit liv i eit framand land. Både tida i heimlandet, på flukt og det nye livet i eksil vil vere med å prege den enkelte sin integreringsprosess. Det desse einsleg mindreårige flyktningane har til felles er at dei har opplevd store tap av nære tilknytnings- og omsorgspersonar. Dei har svært ofte vore gjennom vonde og traumatiske opplevingar både før, undervegs og etter flukta til Noreg. I omsorga for desse borna står sosialt arbeid som profesjon sentralt, då fyrste møtet ofte vil vere på ein flyktningsinstitusjon. Det er difor naudsynt at ein brukar den faglege kompetansen og kunnskapen ein har til å hjelpe desse einslege mindreårige flyktningane i overgangen til det «nye» livet. Dette kan vere mellom anna basiskunnskap som inngår i sosialarbeidarrolla og kunnskap om traumereaksjonar og kva dei ulike einsleg mindreårige flyktningane kan ha vore gjennom. Sjølv om mange av dei unge flyktningane som kjem til Noreg har ei traumatiske fortid, ser ein at der alltid er nokre som klarar seg betre enn andre. Resiliensomgrepet viser i oppgåva at nokre unge flyktningar kan handtere kriser og påkjenningar på ein positiv måte. Teori rundt resiliens viser også at ein viktig beskyttelsesfaktor er kjensla av å meistre. I eit nytt land, med mykje nytt å lære seg, språkleg og sosialt, kan ein oppleve å ikkje strekkje til. Dersom vi som sosialarbeidarar kan klare å hjelpe desse unge til å meistre til dømes sosiale ferdighetar vil dette kunne ha ein reseliensfremja effekt. Det å ha fokuset retta mot mennesket sin styrke, og der tanken er at ved å ha eit ressursorientert fokus, bør ein studere teoriar bygt på mellom anna meistring, resiliens og relasjonsbygging. Dette har vist seg å vere vellukka faktorar i ein integreringsprosess. Nyare forsking har også vist at kjærleik kan vere ein behandlingsstrategi i sosialt arbeid.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectflyktningen_US
dc.subjectmindreårigen_US
dc.subjectinstitusjonen_US
dc.subjectresiliensen_US
dc.subjectintegreringen_US
dc.titleTraumer, håp og kjærleik – å møte einsleg mindreårige flyktningaren_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber34en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record