Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrand, Silje
dc.date.accessioned2021-06-29T11:32:47Z
dc.date.available2021-06-29T11:32:47Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2762332
dc.description.abstractFormålet med oppgåva er å undersøke følgjande problemstilling: «Korleis organiserer den pedagogiske leiaren samlingsstund, og kva innhald vel dei til samlingsstunder med barn i alderen 1-3 år?». Oppgåva er ei studie som er basert på ei kvalitativ metode. For å samle inn data er det gjennomført fire intervju med pedagogiske leiarar som arbeidar med barn i alderen 1-3 år. I drøftinga blir problemstillinga studert gjennom empiriske data, tidlegare forsking og teori. I forbindelse med organisering av samlingsstund tek studien føre seg tre overordna kategoriar: lokale, tid og gruppestørrelse. Studien viser at alle informantane gjennomfører samlingsstund inne på avdelinga. Dei fleste har ein fast plass og dei vel å sitte på golvet, små stolar eller mjuke underlag som matter eller sofaen. Vidare kjem det fram at samlingsstunda alltid skjer på formiddagen og den varer mellom 5-20 minutt i dei barnehagane som vart studert. Undersøkinga viser også at alle barnehagane praktiserer både heile barnegruppa og mindre grupper under samlingsstunda. Gruppestørrelsen varierer mellom 8-13 barn når alle barna er samla samtidig. Studien viser vidare at rammeplan og barna sine interesser er med på å styre innhaldet i samlingsstundene. Det kjem også fram at informantane i studien legg vekt på like ting når dei vel innhald til samlingsstundene. Her kjem det tydeleg fram at song og musikk, og formidling av eventyr, forteljingar og bøker er sentrale innhaldselement i samlingsstundene. Undersøkinga viser også at visuelle hjelpemiddel er viktig for 1-3 åringane under samlingsstunda.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectsamlingsstunden_US
dc.subjectkvalitativ metodeen_US
dc.subjectlokaleen_US
dc.subjecttiden_US
dc.subjectgruppestørrelseen_US
dc.subjectvisuelle hjelpemiddelen_US
dc.titleSamlingsstund med barn i alderen 1-3 år. Korleis organiserer den pedagogiske leiaren samlingsstund, og kva innhald vel dei til samlingsstunder med barn i alderen 1-3 år?en_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber47en_US
cristin.fulltext


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel