Show simple item record

dc.contributor.authorHanestadhaugen, Kristianne
dc.date.accessioned2021-07-05T09:06:51Z
dc.date.available2021-07-05T09:06:51Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2763315
dc.description.abstractBakgrunn: Fleirtalet av foreldre som er i kontakt med barnevernet har behov for rettleiing for å bli betre og tryggare i rolla som omsorgsgivarar (Regjeringen, 2018). Utgangspunktet for studien er foreldre som står ovanfor ein sårbar posisjon, der det er knytt otte for barn(a) sin omsorgssituasjon. Der foreldre får tilbod om frivillig foreldrestøttande tiltak innan barnevernet som eit ledd i barnevernlova (1992) §4-4. Familiane flyttar inn på institusjonen over ei lengre periode for å bli observert, kartlagt og vurdert av barnevernet. Som profesjonell, i møte med sårbare foreldre vil relasjonen mellom foreldra og barnevernsarbeidarane bli sett på som eit av dei viktigaste verktøya (Aamodt, 2014, s. 41) i endringsarbeidet. I møte med foreldre som står ovanfor ein sårbar posisjon, kan det å arbeide med å få ein god relasjon og halde ved like relasjonen, både vere utfordrande, frustrerande og ressurskrevjande. Hensikt: Formålet med studien er å skape kunnskap i form av innsikt og forståing for korleis tilsette i barnevernet (andrelinjetenesten) arbeidar med relasjonen til sårbare foreldre. Metode: Metoden som er anvendt i studien er kvalitativ forskingstilnærming, forankra i fortolkande fenomenologisk tilnærming. Dette ved bruk av kvalitativ intervju; djupneintervju, der tre tilsette som arbeidar innanfor eit frivillig hjelpetiltak i barnevernet har fortalt om sine opplevingar, erfaringar og meiningar knytt til å inngå i profesjonelle relasjonar til sårbare foreldre. Resultatet: Funna belyse viktigheita av oppnå eit felles samarbeid, møte foreldra som eit medmenneske med forståing og viktigheita av at foreldra skal vere aktive deltakarar i eigen prosess. Samt subjektive opplevingar av å få tildelt «for mykje» ansvar som profesjonell i møte med sårbare foreldre. Konklusjon: Studien viser at barnevernsarbeidarane arbeidar med relasjonen i møte med foreldra, dette ved å møte foreldre som eit medmenneske (subjekt). Der dei profesjonelle prøvar å oppnå eit felles samarbeid, der både hjelpar og hjelpetrengande er aktive deltakarar i endringsprosessen. Nøkkelord : Relasjon, profesjonelle, sårbare foreldre, barnevernen_US
dc.description.abstractAbstract Background: The majority of parents in contact with child welfare services are in need for guidance in becoming better and safer in the role of caregiver (Regjeringen, 2018). The baseline for the study is parents in a vulnerable position, where there is concern for the child’s welfare. Parents are given an option of voluntary parent supporting measures within the child welfare service as part of the child welfare act (1992) §4-4, where the family are moved to an institution over a longer period of time to be observed, mapped and considered by the child welfare services. As a professional meeting with vulnerable parents, the relation is seen as one of the most integral tools of the process (Aamodt, 2014, s. 41). Meeting with parents in a vulnerable position, establishing and maintaining a good relationship can be challenging, frustrating and resource demanding. Purpose: The purpose of the study is to achieve knowledge in the form of insight and understanding how employees in child services´ second line service use their relation in meeting with vulnerable parents. Method: The method being used in the study is a qualitative research approach, anchored in an interpretive phenomenological approach. This is achieved by the use of qualitative interviews; in-depth interviews, with three employees at a voluntary support measure for child services talking about their experiences and opinions in achieving professional relations with the vulnerable parents. Result: The findings brings to light the importance of achieving a common partnership, to meet the parents as fellow human beings with the understanding and the importance that parents should be active participants in their own process, and to have subjective experiences by getting ¨too much¨ responsibility in meeting with vulnerable parents. Conclusion: The study shows that child welfare employees work towards a relation with vulnerable parents, by meeting them as fellow humans. Where the professionals try to develop a partnership, where both the ones helping and the ones needing help are active participants in the process. Keywords: Relations, professional, vulnerable parents, child welfare service.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectrelasjonen_US
dc.subjectbarnevernen_US
dc.subjectsårbare foreldreen_US
dc.subjectprofesjonellen_US
dc.subjectkvalitativ metodeen_US
dc.subjectsamarbeiden_US
dc.titleProfesjonelle relasjonar i møte med sårbare foreldre. Ein kvalitativ undersøking av korleis tilsette i barnevernet arbeida med relasjonen til sårbare foreldreen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber44en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record