Show simple item record

dc.contributor.authorStave, Marit Helen
dc.date.accessioned2021-09-20T12:26:16Z
dc.date.available2021-09-20T12:26:16Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2779221
dc.description.abstractTrass i stor innsats og eit lovverk som skal sikre barn og unge eit trygt og godt psykososialt skulemiljø, har ein ikkje lukkast med nullvisjonen om at mobbing ikkje skal eksistere. Mobbing førekjem, og skular har vanskar både med å forebygge og stoppe mobbing (Backmann, Bergem, Buset, Festøy, Groven, Haug, Hungnes, Rødal, 2020). Norsk og internasjonal forsking på mobbing er i dag omfattande (Roland, 2020). Medan den tidlege forskinga var konsentrert om individuelle og fysiske faktorar, har perspektivet dei seinare åra vorte utvida til å undersøke sosiale og kontekstuelle faktorar som kan ha betydning for mobbing. Det foregår i dag ein stor diskusjon nasjonalt og internasjonalt om korleis mobbing skal definerast. Synet på mobbing har utvikla seg frå å ha ei relativt einsidig vekt på individa som er involverte, til å i større grad sjå kompleksiteten i fenomenet. Kva forståing ein legg til grunn vil ha konsekvensar for korleis ein møter problematikken. Dette er ein kvalitativ studie som skal finne svar på følgjande problemstilling: Korleis forstår ansatte i skulen mobbing som fenomen, og korleis opplever dei å møte utfordringane i skulekvardagen? Dei teoretiske perspektiva i denne studien er henta frå nasjonal og internasjonal litteratur og forsking på feltet, i tillegg til lovverket som styrer skulen si verksemd. Det empiriske materialet som studien er basert på er samla inn i tre fokusgruppeintervju; ein barneskule, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule. Deltakarane i fokusgruppene er lærarar og ansatte i skulen med anna fagleg bakgrunn, som arbeider tett på dei same elevane. Intervjua i denne studien teiknar eit bilete av ein skulekvardag som, til tross for klare retningslinjer om kva som skal ligge til grunn for å møte mobbing og andre krenkingar, likevel er prega av fleire spørsmål enn svar. Resultat frå denne studien viser, at ein tydeleg definisjon ikkje nødvendigvis er med på å styre den praksisen som fenomenet fører med seg. Mobbing er eit komplekst saksfelt, der fleire forhold er med på å bestemme korleis mobbing vert forstått og møtt i skulekvardagen.en_US
dc.description.abstractAbstract Despite extensive efforts and legislation designed to ensure that children and young people have a safe and healthy psychosocial learning environment, the vision of zero bullying has not been accomplished. Bullying exists and schools have difficulties in both stopping it and preventing it in the first place (Backmann, Bergem, Buset, Festøy, Groven, Haug, Hungnes & Rødal, 2020). Currently, Norwegian and international research on bullying is comprehensive (Roland, 2020) and while previous research focused on individual and physical factors, a recent expanded perspective has investigated social and contextual factors that may have an impact on bullying. Nationally and internationally, there is a recurring debate about how to define bullying and from a relative unilateral emphasis on the individuals involved, the focus is now more on the complexity of the phenomenon. The underlying understanding of bullying will determine how the problem should be addressed. This qualitative study will address the following problem: “How do school staff understand bullying as a phenomenon and how do they experience facing the challenges of everyday school life?” The theoretical perspectives of this study are found in national and international literature nd research in the field, in addition to legislation and governance documents that are undamental to the school’s work. The empirical material on which the study is based, is collected through three focus groups; one primary school, one lower secondary, and one upper secondary school. The focus group participants are teachers and other school employees who interact closely with the same pupils. The interviews in this study reflect a school life that, despite clear guidelines on what should be the basis of addressing bullying and other violations, nevertheless is characterised by more questions than answers. Results from this study show that a clear definition does not necessarily help, in practice, guiding to a solution. Bullying is a complex issue, where several views need to be examined in determining to what extent bullying is understood and approached in everyday school life.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectmobbingen_US
dc.subjectskuleen_US
dc.subjectskulemiljøen_US
dc.titleAnsatte i skulen si forståing av mobbing, og deira oppleving av å møte utfordringane i skulekvardagen.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber113en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record