Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHellevang, Anna Kirsten Aaland
dc.date.accessioned2022-01-10T11:44:03Z
dc.date.available2022-01-10T11:44:03Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2836711
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva er å undersøkje normkompetansen til vg3-elevar med nynorsk som hovudmål, og å granske i kva grad rettskrivinga til elevane er påverka av innslag frå høvesvis dialekt og bokmål. Som grunnlag for drøftinga blir det lagt fram resultat frå ein korpuslingvistisk studie av 183 tekstar med totalt 165 165 ord. Tekstane er skrivne av 100 vg3-elevar fordelte på tre skular og seks klassar i regionane Nordfjord og Sunnfjord frå skuleåret 2018/19. Normavvika er registrerte i åtte hovudkategoriar med totalt 33 feiltypekategoriar. Totalt viser granskinga at elevar med nynorsk som hovudmål hadde eit gjennomsnitt på 1,7 avvik per 100 ord. Elevane gjorde i snitt 16 feil på ei langsvarsoppgåve som i snitt var på 903 ord. Granskinga syner at jentene og gutane i snitt har om lag like mykje avvik. Dei mest frekvente avvika er knytte til verbbøying, konsonantisme, vokalisme og substantivbøying. Av totalen ser det ut til at 33 % av avvika gjeld bokmålspåverknad, medan 30 % gjeld dialektavvik. I tillegg er det slik at 12 % av avvika har samanfall både med bokmål og med talemålet til elevane, noko som gjer det vanskeleg å avgjere kva for ein av delane dei botnar i. Oppgåva har også granska om chattespråk/snakkeskriving (SMS/Messenger) har påverka skrivinga i formelle tekstar. Vidare har elevane svara på ei spørjegransking om normkompetanse og kva skrivefeil dei trur dei har mest av. Denne undersøkinga har blitt samanlikna med normkompetansen som er avdekt i elevtekstane. Eit kvalitativt intervju gjort med 15 av elevane i undersøkinga har peika på forslag til korleis ein kan betre rettskrivingskompetansen.en_US
dc.description.abstractAbstract The purpose of the present thesis for a master's degree is to study the written language proficiency level among final-year secondary school students with Nynorsk as their primary language form. The aim is to examine to what extent Norwegian Bokmål or a student's spoken language affects the student's mastery of the official written language norm Nynorsk. The discussion is based upon a linguistic analysis of a corpus comprising 183 texts with a total of 165 165 words. The texts were authored by 100 final-year secondary school students from three separate schools and six different classes in the regions of Nordfjord and Sunnfjord during the school year of 2018-19. The words deviating from the official Nynorsk language word norm were registered and categorized into eight main categories and altogether 33 subcategories. The study shows that the students who use Nynorsk as their first language had an average of 1.7 word errors per 100 words with an average of 16 misspelled words in an essay of 903 words. The thesis indicates that boys and girls on average make the same number of spelling mistakes. The most frequent mistakes are related to verb conjugation, consonants, vocalism and noun declension. It seems that altogether 33 % of the word errors are derived from Bokmål while 30 % of the errors can be explained by the student's dialect. 12 % of the errors could derive from either Bokmål or the student's dialect, making it difficult to determine the exact error category. The study has also investigated whether the use of dialect in message exchange (SMS/Messenger) with friends has affected the writing of formal texts. Furthermore, the students were asked to evaluate their own language standard proficiency level. The students' self-evaluations were then compared with the language standard proficiency as revealed in the texts authored by the students. A qualitative interview with 15 of the participating students maps their suggestions for how to raise the level of their spelling skills.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectnormkompetanseen_US
dc.subjectvidaregåandeen_US
dc.subjectnynorsken_US
dc.subjecthovudmålen_US
dc.subjectskrivefeilen_US
dc.subjectrettskrivingen_US
dc.titleNormkompetanse hos vg3-elevar med nynorsk som hovudmålen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber139en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel