Folkerøysting - Haram kommunedel ut av Ålesund kommune? Fordeling av førehandsrøyster i valkrinsane Vatne og Tenfjord og Søvik og Grytastranda
Abstract
På førespurnad frå Siv Ulla (Ålesund Arbeidarparti) har eg i sett nærare på folkerøystinga i gamle Haram kommune som vart gjennomført mellom 24.februar og 03.mars 2022. Siktemålet med notatet er å kunne seie noko om korleis førehandsrøystene fordelar seg i valkrinsane Vatne/ Tennfjord og Søvik/ Grytastranda. Desse to valdistrikta er særleg interessante å sjå på ettersom det var dei einaste som hadde fleirtal for å verte verande i Ålesund kommune, når ein ser på resultatet av røystene på valdagen.