“Dialogic feedback is what I believe is key for student development”. A qualitative study on Norwegian EFL primary teachers’ perceptions of dialogic feedback
Abstract
I denne studien har mitt fokus vore på norske engelsklærarar sitt perspektiv på dialogisk tilbakemelding i barneskulen. Dialogisk tilbakemelding er blitt essensielt i moderne omgrepsleggjering av tilbakemelding, og det er bevist at dialogisk tilbakemelding er ein fordelsfull praksis som promoterer elevutvikling, noko som gjer dette temaet interessant å forske på. Så vidt eg veit er dialogisk tilbakemelding gjennom perspektivet til norske engelsklærarar på barnetrinnet ikkje enno forska på, noko som er grunnen til at eg har gitt meg sjølv i oppgåve å dekke dette området i forsking på dialogisk tilbakemelding. På grunn av dette har eg vald følgande problemstilling: Korleis ser norske engelsklærarar på barneskulen på dialogisk tilbakemelding?
For å svare på denne problemstillinga har eg vald å gjennomføre ein kvalitativ studie som inneheld tre semi-strukturerte intervju med tre deltakarar. Dei valde deltakarane var tre kvalifiserte informantar som representerte to forskjellege skular på mellomtrinnet.
Funna i denne studien viser at lærarar tenkjer at spesifikke faktorar påverkar dialogisk tilbakemelding. Desse faktorane er lærar-elev forholdet, klassemiljøet, elevanes tilhøyring og læraren si emosjonell støtte, elevanes autonomi, sjølvregulering, og opplevd kompetanse og meistringstru. Lærarar meiner at desse faktorane er essensielle for god dialogisk tilbakemelding, og at kvar og ein av desse komponentane burde bli fasilitert av lærarar. Om lærarar forsømmer ein av dei nemnde elementa vil dialogisk tilbakemelding feile, ifølgje lærarar i denne studien.
I tillegg viser funn i denne studien at lærarar kategoriserer ulike lærarroller og elevroller når ein har dialogisk tilbakemelding. Desse rollene er positive lærarar, støttande lærarar, modne og umodne elevar, og pratsame og stille elevar. Lærarar meiner dei har eit ansvar å fasilitere dialogisk tilbakemelding gjennom dei nemnde lærarrollene, men når dei skal gjere dette møter dei på ulike elevroller som kan vere utfordrande. Dei elevrollene som blir opplevd som utfordrande i dialogisk tilbakemelding er umodne og stille elevar, medan modne elevar og pratsame elevar er sett på som betre tileigna for dialogiske tilbakemeldingar. Abstract
This study investigates Norwegian EFL primary teachers’ perceptions of dialogic feedback. Dialogic feedback has become vital in the modern reconceptualization of feedback, and it is proven to be an advantageous practice that promotes student development, which makes this subject rather interesting to investigate. To my knowledge, dialogic feedback through the lens of a Norwegian primary EFL teacher has received no prior attention, which is why I have assigned myself a quest to fill this gap in dialogic feedback theory. Hence, I elected the following overarching research question: How do Norwegian primary EFL teachers perceive dialogic feedback?
To satisfy this research question, I chose to conduct a qualitative study that entailed three semi-structured interviews with three participants. The elected participants were qualified informants who represented two different schools in year 5-7.
Findings in this study reveal that teachers claim certain impacts on dialogic feedback. These impacts are the teacher-student relationship, the classroom climate, students’ relatedness and teachers’ emotional support, students’ autonomy, self-regulation, and perceived competence and self-efficacy. Teachers believe these factors are vital for the prosperity of dialogic feedback, and that each and one of these components should be facilitated by teachers. If teachers neglect one of the mentioned elements, dialogic feedback fails, according to teachers in this study.
Additionally, findings in this study reveal that teachers assign specific teacher roles and student roles in the process of dialogic feedback. These roles are positive teachers, scaffolding teachers, mature and immature students, and garrulous and silent students. Teachers believe they have a responsibility to facilitate dialogic feedback through the mentioned teacher roles, but when promoting dialogic feedback, teachers encounter various student roles that can be challenging. The student roles they find challenging in dialogic feedback are immature students and silent students, while mature students and talkative students are perceived as better suited for feedback dialogues.