Læringskamerat med pels. Ein kvalitativ studie av spesialpedagogar sine erfaringar med skulehund for barn med åtferdsvanskar
Abstract
Denne studien ein kvalitativ studie som har som føremål å finne ut av kva erfaringar spesialpedagogar har med å bruke ein skulehund som eit tiltak for elevar med åtferdsvanskar. Forskingspørsmålet for studien er: kva erfaringar har spesialpedagogar med dyreassistert pedagogikk, i form av skulehund, for å betre føresetnadane for læring for elevar med åtferdsvanskar? For å svare på forskingsspørsmålet har det i studien vorte nytta semistrukturert forskingsintervju som metode. Det har vorte intervjua fire informantar som alle er spesialpedagogar som arbeidar med skulehund. I analysen av datamaterialet har det vorte nytta ei tematisk analyse som er grunnlaget for kategoriane som funna er presenterte i. Hovudfunna i studien viser at ein hund kan vere med på å motivere og legge til rette for gode meistringsopplevingar for elevar som manglar motivasjon og meistringstru. Fleire av informantane viser til verdien av ein hund i arbeid med relasjonsbygging mellom elevane. Dei viser til auka sjølvkjensle, tryggleik og høgare status i elevgruppa. Dette er ting forsking viser er viktig for elevane sin trivsel, læring og utvikling. Tiltaket er difor absolutt interessant i arbeid med å betre føresetnadane for læring for elevar med åtferdsvanskar, men det krevjast meir forsking på kva utbytte elevane faktisk har. Både på kort sikt og på lang sikt. Abstract
This study i s a qualitative study with the purpose of investigating what kind of experiences special needs teachers have with the use of schooldogs for children with behavioral difficulties. The research question of the study is: What kind of experinces does special needs teachers have with animal assisted pedagodgy, in form of schooldog, to increase the learning assumptions for children with behavioral difficulties? Semi- structured interwies has been used as a method to answer the research question. Four special needs teachers that work with schooldogs have been interwied. A tematic approch has been used in the analyzis of the datamaterial, and this forms the background for how the findings are presented. The main findings in the study is that a schooldog seems to help the pupils to get more motivation for school and self-efficacy. Several of the participents reference to the value of working with a dog, in developing positive relations between the pupils. They refer to better self-esteem, the feeling of safety and better status in the group of pupils. Research has shown that these are elements that are important for the students well-beeing, learning and development. The use of schooldogs to increase the learning assumptions for children with behavioral difficulties is therefore quite interesting, but it recuires more research of the learning outcome for the pupils. Both in short term and long term.