Nytt medium, andre skriftmøte? Skrift som modalitet i fire digitale remedieringar av ei trykt bildebok
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis. 2024, 18 (2), 5-24. 10.23865/up.v18.5941Abstract
Trykte bildebøker kan remedierast og publiserast digitalt, noko som inneber at dei meiningsberande ressursane, slik som skrifta og bilda, blir tilpassa det nye mediet. Bildebøker er kjende literacyartefaktar (Hamilton, 2000) i barnehagen, og det er derfor relevant å sjå på om digitale remedieringar gir andre føresetnader for barns tidlege møte med skriftspråket enn den trykte boka gir. Studien byggjer på Gunther Kress og Theo Van Leeuwen (1996, 2021) sin teori om informasjonslenking og analyserer skrifta som modalitet i fire ulike digitale variantar av bildeboka En fisk til Luna (Aisato, 2014). Tekststudien viser at dei digitale produsentane gjer tilpassingar som påverkar skrifta si funksjonelle tyngde både i forteljinga og i paratekstane (Genette, 1997): gjennom skriftmarkering, ved å ta vekk skrifta, endre plasseringa og innramming, eller ved å leggje til trykkefelt med ordbilde. Bakgrunnen for studien er at barn får erfaringar med språk og skrift gjennom å delta i sosiale praksisar med tekstar, som til dømes bildebøker (Snow, 2006, ss. 3–4). Studien diskuterer kjenneteikn ved skriftmodaliteten i dei fire ulike digitale versjonane, kva haldningar til skrift som meiningsberande modalitet dei kan vere uttrykk for, og kva for implikasjonar bruken av desse bøkene kan ha for barnehagen.