Endringsarbeid på barnevernsinstitusjon. Ei litteraturstudie om tilrettelegging for endringsarbeid på barnevernsinstitusjon
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3165794Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn/introduksjon: Ungdommar på barnevernsinstitusjonar har opplevingar med seg frå oppveksten, som kan føre til vanskar for å kontrollere eigen åtferd og eigne emosjonar. Sjølve arbeidet på barnevernsinstitusjonar finst det lite forsking på, og dermed finst det lite litteratur som kan sette lys på arbeidet som blir gjort i forhold til ungdommane sine emosjonar. Med grunnlag i åtferdspsykologi jf. omsorgs- og endringsmodellen, sosial læringsteori og operant betinging søkjer bacheloroppgåva likevel å finne svar på korleis miljøterapeutar på barnevernsinstitusjonar kan tilrettelegge for endringsarbeid med tanke på ungdom sin åtferd og emosjonar.
Tilnærming/metode: Studien er ein systematisk litteraturstudie (scoping reveiw), som tar utgangspunkt i allereie eksisterande litteratur om miljøterapi på barnevernsinstitusjon. Litteraturen treffer ulike sider ved barnevernsfagleg praksis, og ved ein kombinasjon av desse kan ein samanlikne litteraturen, og finne svar på problemstillinga. Litteratursøket er avgrensa ved bruk av inklusjons- og eksklusjonskriterier, samt analysert og koda, slik at ein kan samanlikne litteraturen og finne fellesnemnarane.
Funn/diskusjon: Etter analysen vart det klart at litteraturen vektla personalets eigenskapar og kunnskap, samt organisatoriske strukturar som viktige for tilrettelegging av endring og utvikling. Diskusjonen inneheld korleis element av desse kategoriane kan bidra til miljøterapeutane si tilrettelegging for endring, og kva som eventuelt kan hindre tilrettelegging og endring.
Konklusjon: Tilrettelegging for endringsarbeid har fleire dimensjonar, som stort sett ligg på miljøterapeutane. Hinder for endringsarbeidet kjem likevel fram som eigenskapar hos ungdommane, ikkje personalet. Relasjon mellom miljøterapeut og ungdom er difor viktig for å få til endring og utvikling. Abstract
Introduction: Youth living at child welfare institutions are carrying with them experiences form childhood, that could lead to difficulties controlling their own behaviour and emotions. The work that happens in these institutions have limited research, and thus there is very little literature that can shed lights on the work that’s been done regarding the youths and their emotions. With basis in behaviour psychology and the OEM, social learning and operant conditioning, this bachelor thesis search to find answers as to how environmental therapists can facilitate for change in regards of youth’s behaviour and emotions.
Approach/methods: The study is a scoping review, that takes base in already existing literature about environmental therapy at child welfare institutions. The literature consists of different sides regarding child welfare practice and with a combination of these, one can compare the literature and find the answer to the issue at hand. The literature search is limited by the use of inclusion and exclusion criteria, as well as analysed and decoded, so that one can compare the literature and find the common denominator.
Findings/discussion: After the analysis it was clear that the literature emphasized the staff’s characteristics and knowledge, as well as organising structures as important for the facilitation of change and development. The discussion contents how elements for these categories can contribute to the environmental therapist’s facilitation for change, and what might be an obstacle to the change.
Conclusion: Facilitating change has multiple dimensions that mostly lay with the environmental therapists. The obstacle however turns out to be the youth themselves, and not the staff. The relation between the environmental therapists and the youths are therefore important for change and development.