Barnet si stemme i barnevernet. Korleis kan barnevernspedagogen arbeide for å sikre barnet si stemme i barnevernet?
Abstract
I april 2024 vart det identifisert 14 ulike utfordringar for barn og unge sin medverknad i barnevernet. Forsking viser at barnevernet ikkje alltid lukkast med å legge til rette for at barn og unge opplever at deira stemme har noko å seie, eller opplever medverknad (FHI, 2022; Havnen & Christiansen et.al, 2020; Paulsen, 2022, s. 15). Med dette sagt, er det behov for å styrke medverknadspraksisen i barnevernet. Bacheloroppgåva «Barnets stemme i barnevernet: med fokus på betring og sikring», er ei litteraturstudie som inneber analyse og systematisk litteraturgjennomgang av sju fagfellevurderte forskingsartiklar. Desse set søkelyset på ulike aspekt kring barn og unge sin medverknad, og bidreg til å setje fokus på problemstillinga: «Korleis kan barnevernspedagogen arbeide for å sikre barnets stemme i barnevernet?».
Gjennom oppgåva vil vi få presentert teori om kontaktetablering med barn og ei bevisstheit på maktaspektet. Forskingsartiklane vert tematisk presenterte med funn, og er delt inn i to kategoriar: utfordringar og system og relasjonen si betydning. Saman vil teori og forsking vere med på å byggje opp til eit drøftingskapittel, som vidare vil munne ut i eit svar på problemstillinga gjennom avslutningskapitelet.
Studia konkludera med at faktorar som ein tillitsfull relasjon og god kontaktetablering, er viktig for å legge til rette for medverknad. Der det er mindre trygg relasjon, er det desto mindre medverknad. Vidare hevdar oppgåva at det å anerkjenne barnet som aktør i eige liv og la dei få informasjon, gi dei moglegheit til å medverke ved ulike tilnærmingar, og gi tilbakemeldingar er sentrale element for å kunne sikre barnets stemme. Dette inneber også at barnevernspedagogen er bevisst seg sjølv og makta i rolla, samt korleis dette påverkar relasjonen til barnet.
Det å ta med seg forskingsfunna i denne studia vil ha relevans og betydning for fagområdet og framtidig yrkesutøving og praksis. Dette for å legge til rette for betre medverknadspraksis for barn og unge i barnevernet, men også i sosialt arbeid med menneske generelt. Abstract
In April 2024, 14 different challenges were identified for children and young people's participation in child welfare services. Research shows that child welfare services does not always succeed in making it possible for children and young people to feel that their voice matters and experience participation (FHI, 2022; Havnen & Christiansen et.al, 2020, p. 15). With this said, there is a need to strengthen the participation practice in child welfare services. The bachelor's thesis "The child's voice in child welfare services: with a focus on improvement and safeguarding", is a literature study that involves the analysis and systematic literature review of seven peer-reviewed research articles, which put the spotlight on various aspects of children's and young people's participation, and help to focus on the research question : "How can the child welfare worker work to secure the child's voice in child welfare?".
Throughout the assignment, we will explore theories related to establishing contact with children and understanding the aspect of power. The research articles are organized thematically, presenting findings that are categorized into three groups: challenges for children and young people's participation, better practice and children's and young people's experiences of involvement in child protection. Together, the theoretical framework and research findings will contribute to a discussion chapter, which will further lead and result to a resolution of the research question through the concluding chapter.
The study concluded that factors such as a trusting relationship and good contact establishment, is important to facilitate participation. Where there is a less secure relationship, there is less involvement and participation. Furthermore, the assignment claims that recognizing the child as an actor in their own life and letting them get information, giving them the opportunity to participate in different approaches, and giving feedback is a key element in being able to secure the child's voice. This also means that the child welfare worker is aware of herself and the power in the role, as well as how this affects the relationship with the child.
Taking the research findings into account in this study will have relevance and significance for the subject area and future professional practice, when it comes to facilitating better participation practices for children and young people in child protection, but also in social work with people in general.