Friluftsliv, eit reiskap for vellykka integrering? Ein teoretisk studie
Abstract
Auka innvandring krev mykje av integrering i Noreg. Flukt er for tida den største integreringsårsaka, og flyktningar er meir sårbare for ulike sosiale problem enn resten av befolkinga. Flyktningar har mange behov som skal bli dekt i løpet av integreringsprosessen. I denne oppgåva kjem forståinga av kva som er flyktningane sine behov frå publiserte analyser og forsking på flyktningars velvære, samt generelle, almenne behov. Flyktningar har utfordringar som innefattar psyksiske og fysiske plagar, vedvarande låg inntekt, diskriminering og mindre tillit til sine medmenneske. Desse indikatorane viser at det er behov for betra helse, inkludering og tilhøyrsle. I lys av teori om sosial integrering, salutogenese og tilhøyrsle til stad og gruppe undersøkjer oppgåva korleis ein kan bruke friluftsliv i arbeid med flyktningar som skal integrerast gjennom introduksjonsprogrammet. Oppgåva er ein teoretisk studie. Norsk og utanlandsk forsking på bruk av aktivitetar i natur og friluftsliv viser at det kan vere både utfordringar og moglegheiter i møte med flyktningar og etniske minoritetar. Diskusjonen viser i lys av teori, samt forsking på natur og friluftsliv, at naturen delvis kan møte behov for betra helse, samt som å vere ein arena for kartlegging av behandlingsbehov. Bruk av aktivitetar i natur kan også vere eit reiskap til vellykka integrering og oppleving av tilhøyrsle dersom ein har dyktige sosialarbeidarar i introduksjonsprogrammet. Vi hevdar difor at introduksjonsprogram som har eit heilheitleg syn på enkeltindivida sine behov kan dra nytte av friluftsliv i integrering. Abstract
Increased immigration requires a lot from the integration in Norway. Refuge is currently the biggest cause of integration, and refugees are more vulnerable to various social problems than the rest of the population. Refugees have many needs that must be met during the integration process. In this study, the understanding of the refugees' needs come from published analyzes and research on refugees' well-being, as well as general, general needs. Refugees have challenges that include psychological and physical ailments, persistent low income, discrimination and less trust in their neighbours. These indicators show that there is a need for better health, inclusion and belonging. In light of the theories of social integration, salutogenesis and belonging to place and group, this study examines how outdoor life can be used in work with refugees who are to be integrated through the introduction programme. The thesis is a theoretical study. Norwegian and foreign research on the use of activities in nature and outdoor life shows that there can be both challenges and opportunities when dealing with refugees and ethnic minorities. The discussion shows in the light of theory, as well as research on nature and outdoor life, that nature can partly meet the need for better health, as well as being an arena for mapping the need of treatment. Using activities in nature can also be a tool towards successful integration and experiencing belonging if you have skilled social workers in the introduction programme. We therefore claim that introductory programs that take a holistic view of the individual's needs can benefit from outdoor life in integration.