Med traume i ryggsekken. Ein litteraturstudie om korleis ein sosialarbeidar kan ta i bruk kognitiv terapi i møte med mindreårige, traumeramma flyktningar
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3166082Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Introduksjon
Korleis kan ein møte flyktningar med traume på best mogleg måte? Denne oppgåva undersøkjer korleis sosialarbeidarar kan ta i bruk kognitiv terapi i møte med traumeramma, mindreårige flyktningar. Utgangspunktet er den auka flyktningstraumen i verda i dag, som vil føre til ein ny generasjon oppvakse med traume. Det blir nytta teori om den psykiske lidinga PTSD, kognitiv terapi og resiliens.
Tilnærming
For å finne fram til svar på problemstillinga vart det gjort ein litteraturstudie med søk i to databasar. Føremålet var å skape innsikt i allereie eksisterande forsking på området. Dette resulterte i seks utvalde studiar. Med hensikt om å skape kompetanse og forståing av temaet, vart det føretatt ein systematisk gjennomgang av studiane.
Resultat
Diskusjonen viser korleis det er fleire omsyn ein må gjere for å kunne ta i bruk kognitiv terapi som traumetilnærming. Dette er omsyn som kultur, stille seg inn på den enkelte og ikkje sjukeleggjere på bakgrunn av fortida til flyktningen. Det blir vidare viktig å huske på at det eksisterer ulemper med traumetilnærminga, som blant anna utfordringar med dagleg stress, emosjonsbeskriving og språklege vanskar. Kanskje kan det vere mogleg å utforske andre traumetilnærmingar, og kombinere desse?
Konklusjonen
Gjennom ei utforskande tilnærming til traumebehandling, konkluderer vi med at for å kunne ta i bruk kognitiv terapi må ein ha kulturkompetanse, gjere individuelle tilpassingar og skape tillit. Svært mange flyktningar slit med PTSD symptom frå ulike traume, og det blir sentralt som profesjonsutøvar å gi flyktningen eigarskap over desse traumane. Det blir essensielt å huske på at sjølv om flyktningane kan ha hatt same utgangspunkt så har dei ikkje naudsynt same oppleving. Dette heng mykje saman med teori om kognitiv terapi, der alle har utdelt eit sett med tankemønster, som varierer frå person til person, med tanke på kor ein rettar sin merksemd mot. Abstract
Introduction
How can one best approach refugees with trauma? This paper explores how social workers can utilize cognitive therapy in dealing with traumatized minor refugees. The starting point is the increased refugee trauma worldwide today, which will result in a new generation growing up with trauma. The paper employs theories of the mental disorder PTSD, cognitive therapy, and resilience.
Approach
To find answers to the research question, a literature review was conducted by searching two databases. The aim was to gain insight into existing research in the field. This resulted in six selected studies. Furthermore, a systematic review of the studies was carried out to create competence and understanding of the topic.
Results
The discussion shows how there are several considerations one must take to employ cognitive therapy as a trauma approach. A good social worker will have to take cultural considerations, tune into the individual, and not pathologize based on the refugee's past. It is also important to remember that there are disadvantages to the trauma approach, such as challenges with daily stress, emotional expression, and linguistic difficulties. Perhaps it may be possible to explore other trauma approaches and combine them.
Conclusion
Through an exploratory approach to trauma treatment, we conclude that to employ cognitive therapy, one must have cultural competence, make individual adjustments, and build trust. Many refugees struggle with PTSD symptoms from various traumas, and it is central as a professional to give the refugee ownership of these traumas. It is essential to remember that even though refugees may have had the same starting point, it does not mean they have the same experience. This is closely related to cognitive therapy theory, where everyone is assigned a set of thought patterns, varying from person to person, based on where one directs their attention.