Å kome i gang med matematisk modellering i klasserommet – kan PISA-oppgåver vise veg frå kaos til system i første del av modelleringsprosessen?
Original version
Pettersen, A. & Jensen, F. (red.) (2024). Matematisk kompetanse. I dybden på resultater fra PISA 2022 (s. 75–110). Cappelen Damm Akademisk. 10.23865/cdf.222.ch4Abstract
Matematisk modellering handlar om å bruke matematikk til å løyse problem frå den verkelege verda. Resultat frå fleire studiar viser at den første delen av modelleringsprosessen, der problemet skal omsetjast til eit matematisk problem, er spesielt krevjande for elevar, og at matematikkoppgåver i liten grad utfordrar elevane i dette. I dette kapittelet presenterer vi eksempel på korleis matematisk modellering er framstilt i eit utval av litteratur om matematikkundervisning. Vidare gjer vi greie for utviklinga av eit analyseskjema som blir brukt for å undersøke kva for utfordringar elevane møter og ikkje møter i arbeid med modelleringsprosessen i PISA-oppgåver. Vi analyserer også to tidlegare gitte eksamensoppgåver for 10. trinn om matematisk modellering. I resultata kjem det fram at PISA-oppgåvene berre utfordrar elevane i delar av handlingane i å kjenne igjen og formulere i PISA-rammeverket, særleg å kjenne igjen struktur, mønster og samanhengar, og å lage ein matematisk modell. Gjennom kapittelet gir vi eksempel på ulike typar modelleringsoppgåver og presenterer både frigitte PISA-oppgåver og andre oppgåver. Vidare argumenterer vi for at analyseskjemaet kan vere nyttig for matematikklærarar for å bidra til økt refleksjon og bevisstgjering om kva for utfordringar knytte til matematisk modellering elevane møter i ulike oppgåver.