Utvikling i samarbeidskultur etter samanslåing av høgskular
Original version
Halvorsen, L. J., Båtevik, F. O., Folkestad, B., Løvoll, H. S. & Stokken, R. (red.) (2024). Samarbeid. Fjordantologien 2024. Universitetsforlaget. DOI: https://doi.org/ 10.18261/9788215071800-24-17Abstract
Dette kapittelet ser på korleis organisasjonskulturen endrar seg etter samanslåing av høgskular, og korleis samarbeidet, både internt og eksternt, fungerer i den samanslåtte høgskulen. Høgskulen på Vestlandet (HVL) vart etablert 1. januar 2017 ved ein fusjon av tre høgskular på Vestlandet. I 2018 vart det gjennomført ei spørjeundersøking for å kartlegge organisasjonskulturen ved dei tre høgskulane før samanslåinga. Undersøkinga vart gjennomført på nytt våren 2023 og supplert med spørsmål knytt til utviklinga av samarbeidet, både internt og mot aktørar utanfor HVL. Resultata viser at om lag kvar fjerde fagtilsett meiner at samarbeidet med andre fagtilsette ved HVL har auka, medan om lag halvparten meiner dette ikkje er tilfellet. Mellom 4 % og 10 % av dei fagtilsette er heilt eller delvis samde i at samarbeidet med norsk og internasjonalt næringsliv og nasjonale og internasjonale forskings- og utdanningsmiljø har auka. Om lag halvparten er heilt eller delvis usamde i denne påstanden. Resultata syner òg at organisasjonskulturen har endra seg etter samanslåinga. I 2018 var det ei overvekt av fagtilsette som meinte at kulturen ved dei tidlegare høgskulane hadde eit internt fokus, det vil seie ein kultur med hovudvekt på regelstyring og samarbeid. Det er ei overvekt av HVL-fagtilsette som i 2023 meiner organisasjonskulturen har søkjelys på stabilitet, og at han er lite endrings- og utviklingsorientert. Organisasjonskulturen i HVL har dermed vorte noko mindre samarbeidsorientert enn det han var ved dei tre tidlegare høgskulane. Studien er den første som tek føre seg kartlegging av organisasjonskultur i universitets- og høgskulesektoren på to ulike tidspunkt etter ei større organisatorisk endring. Studien bidreg såleis til å få fram ny kunnskap om utvikling i organisasjonskultur i sektoren som følgje av store strukturendringar.