Leiingskompetanse, pedagogisk kompetanse og refleksiv kompetanse. Erfaringar frå regional kompetanseordning blant barnehagestyrarar i Møre og Romsdal
Master thesis

View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [72]
Abstract
Regional kompetanseordning er ei tilskotsordning, initiert av Kunnskapsdepartementet for å styrke den kollektive kompetansen i barnehagen og skape eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet i hele landet. Ordninga starta i 2019 og er forankra i fleire dokument, deriblant Retningslinjer for tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring (2021) og Barnehage for en ny tid - Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 (2023).
I dette studiet har motivasjonen for tema vore å sjå nærare på korleis tilskotsordninga er med på å styrke barnehagane sin kollektive kompetanse. Problemstillinga er forma slik: Kva former for kompetanse opplever barnehagestyrar at regional kompetanseordning medverkar til å styrke?
Det har vore nytta kvalitativt forskingsdesign med fenomenologisk tilnærming til datamaterialet. Det vart gjort sju kvalitative intervju med styrarar i løpet av våren 2024. Dei fortalde om det å leie barnehagen som lærande organisasjon og kva kompetanse dei opplevde at personalet fekk gjennom barnehagebasert kompetanseordning.
Induktiv metode og tematisk analyse vart nytta i analyse prosessen, der tre tema utmerka seg gjennom dei empirinære kodane. Dette var leiingskompetanse, pedagogisk kompetanse og refleksiv kompetanse. I desse tre tema sorterte eg dei kompetansane som styraren opplevde hadde endra seg mest gjennom tilskotsordninga.
Informantane hadde opplevd ei endring i leiarane sin kompetanse knytt til det å leie utviklingsarbeid. I tillegg opplevde styrar at leiargruppa i barnehagen hadde fått ei felles fagleg forankring som gjorde at dei drog utviklingsarbeidet meir i same retning. Legitimitet og autonomi hadde vore med på å forankra ordning betre og personalet kjende eit større eigarskap til problemstillingane når dei fekk medverke i prosessen med å kartlegge utviklingsbehovet. Fagdagar og lærande nettverk med aksjonslæring og utprøving av ny praksis, vart opplevd som nyttig og utviklande. Både sjølvrefleksjon kring utøving av eigen praksis og kritisk refleksjon knytt til barnehagen og kollektive tema, var viktig for å løfte både kompetansen og kvaliteten i barnehagen. Tema og datamaterialet vart deretter drøfta på bakgrunn av teori og tidlegare funn. Abstract
The Regional Competence Scheme is a grant scheme initiated by the Ministry of Education to strengthen collective competence in kindergartens and create an equitable kindergarten offering of high quality throughout the country. The scheme started in 2019 and is anchored in several documents, including the Guidelines for the Grant Scheme for Local Competence Development in Kindergarten and Primary Education (2021) and Kindergarten for a New Era - National Kindergarten Strategy towards 2030 (2023).
In this study, the motivation for the topic has been to look more closely at how the grant scheme helps to strengthen the collective competence of kindergartens. The research question is formulated as follows: What forms of competence do kindergarten directors perceive that the regional competence scheme contributes to strengthening?
To answer the question - a qualitative research design with a phenomenological approach to the data material has been used. During the spring of 2024, qualitative interviews were conducted with seven kindergarten directors. They elaborated being the leader of the kindergarten as a learning organization and what competence they perceived the staff gained through the kindergarten-based competence scheme
The analysis process was conducted by means of inductive methods and thematic analysis. Through the empirical codes, three themes stood out- leadership competence, pedagogical competence, and reflective competence. Within these three themes, I sorted the competences that the directors perceived had changed the most through the grant scheme.
The ownership to the development issues were experienced as increased as a result of anchoring the scheme better through legitimacy and autonomy and finally, the staff felt a higher sense of ownership of the issues, being involved in the process of mapping which needs to be developed.
To raise both competence and quality in the kindergartens, self-reflection on the practice as well as critical reflection related to the kindergarten and collective themes were important. This was obtained through professional development days and learning networks with action learning and testing of new practices. The themes and data material were then discussed based on theory and previous findings.
Publisher
Høgskulen i VoldaRelated items
Showing items related by title, author, creator and subject.
-
Dei stille borna
Ulstein, Solveig Marie (Bachelor thesis, 2021)I denne oppgåva er temaet Dei stille borna. Formålet er å få større innsikt i korleis ein kan inkludere dei stille borna. Eg har fokusert på personlegdomstrekket å vere stille, og ikkje det som handlar om tausheit grunna ... -
Rollen som NAV-veileder. Veilederens opplevelser og erfaringer
Runde, Cecilie Bjørneberg; Ulfstein, Anna (Bachelor thesis, 2021)Vi ønsker med denne oppgaven å utvikle en økt forståelse for veilederrollen i ny arbeids- og velferdsforvaltningen, gjennom sentrale elementer innenfor sosialt arbeid. Veiledningsperspektivet kan sees i lys av Lipskys ... -
Inkludering av elever med psykisk utviklingshemming. Hvordan tilrettelegger skolen for deltakelse og utvikling av sosial kompetanse?
Botten, Randi (Master thesis, 2012)The purpose of this study is to find out how schools in Ytre Nordmøre organize participation and development of social competence for mentally retarded students. Public policies in Norway are based on a relational understanding ...