«TETT PÅ». Ein kvalitativ studie om lærarar sine erfaringar med å skape autismevennlege miljø i folkehøgskulen
Abstract
Denne studien handlar om erfaringar lærarar i folkehøgskulen har med å legge til rette for autismevennlege miljø i folkehøgskulen. Stadig fleire ungdommar med autismespekterforstyrringar (ASF) vel å gå på folkehøgskule etter vidaregåande skule, men det eksisterer minimalt med kunnskap om erfaringar knytt til dette arbeidet. Til trass for at det er mykje forsking å finne knytt til ASF, er der lite forsking om ASF i folkehøgskulesamanheng. Føremålet med denne oppgåva er difor å bidra til kunnskap om folkehøgskulen som lærings- og meistringstilbydar til unge vaksne med ASF. Problemstillinga i studien er : Kva erfaringar har lærarar i folkehøgskulen med å skape autismevennlege miljø?
For å få meir kunnskap om det som går føre seg ute i praksisfeltet, har eg intervjua fire lærarar som arbeider på tilrettelagte linjer på folkehøgskular i ulike delar av landet. Eg har nytta kvalitativt forskingsdesign med semistrukturerte intervju, der ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming ligg i botn. Intervjua er transkriberte og analyserte ved hjelp av klassisk tematisk analysemetode.
Funna peikar på at folkehøgskulen kan vere ein viktig bidragsytar for elevar med ASF, mellom anna ved at skuleslaget i stor grad freistar å legge til rette for utvikling av autonomi, gode relasjonar og ADL-kompetanse hos elevane. Ein «tett på»-pedagogikk er lettare å gjennomføre på ein internatskule, og det ser ut til å gje gevinstar for ASF-elevane. Lærarane legg i stor grad til rette for at ASF-elevane skal oppleve seg på lik linje med medelevar og at dei skal kjenne seg verdfulle. Rettleiingsrolla som læraren som har både for ASF-elevar, medelevar og kollegar er eit sentralt funn, og rettleiingskompetanse for lærarar som arbeider med tilrettelagt undervisning i folkehøgskulen er difor føremålstenleg. Funna peikar også på at det er behov for meir kompetanse om ASF på arbeidsplassane, samt meir informasjon til målgruppa om det folkehøgskulen kan tilby. Abstract
This study is about teachers`experiences when it comes to facilitating an autism friendly environment at Norwegian Folk high schools.Young adults with autism spectrum disorders (ASD) are increasingly choosing Folk high schools after finising high school, however there is little documented experiential knowlegde about work in this field. Despite all existing research about ASD, there is minimal research on ASD and Folk high schools.
The purpose of this study is therefore to contribute to the knowledge of Folk high schools, as providers of learning and coping skills to young adults with ASD. The research question of the study is: How can Folk high school teachers facilitate the creation of autism friendly environments?
To be able to get more knowlegde about what actually takes place in the field of practice, I have interviewed four teachers who work with adapted curriculum of study in Folk high schools from different parts of the country. I have used a qualitative research design with semi-structured interviews based on a phenomenological and hermenautic approach. The interviews are transcribed and analyzed using a classic thematic analysis method.
The findings point to the Folk high school as an important contributor for students with ASD, by trying to be facilitators for autonomy, good relationships and competence. A close and personal pedagogy is easier to implement in a boarding school, and it seems to lead to positive outcomes for ASD-students. The teachers facilitates for equality between students with and without ASD, and the focus on human dignity seems to be a central value in the Folk high school. An importing finding is that an ASD teacher acts also as a tutor to non -ASD students and to colleagues. This highlights the importance of tutoring competence among teachers who work with adapted curriculum of study in the Folk high schools.
The findings also show that there is a need for more understanding on ASD in Folk high schools, and more information should be made available for this student group about what Folk high schools have to offer them.