«Magefølelse har jo nabokjerringa i 3B også». Kvalitativ studie av fagleg skjønn i spesialpedagogiske prosessar i barnehagen
Abstract
Tema for forskinga er pedagogiske leiarar si forståing av omgrepet fagleg skjønn og erfaringar knytt til å nytte fagleg skjønn i samband med tiltakskjeda frå bekymring til samarbeid med pedagogisk-psykologisk teneste. I forskinga er det nytta kvalitativ metode med semistrukturert intervju av fire pedagogiske leiarar.
Det faglege grunnlaget er ikkje statisk, noko som gjer at skjønnsvurderingane endrar seg i takt med mellom anna samfunnsutvikling og endra profesjonskrav. Pedagogisk leiar må sjå ulike situasjonane frå ulike ståstadar, og med ulik grad av ytre press og påverknad fører dette til skjønnsavgjersler med ulik grad av kompleksitet. Den pedagogiske leiaren står ikkje åleine i dette arbeidet, men har ansvaret for at det vert gjort. Funna i forskinga får fram kunnskap om korleis dei pedagogiske leiarane forstår omgrepet fagleg skjønn. Magefølelse, intuisjon, kunnskap og erfaring er viktige element. Erfaring og kunnskap er grunnlag for auka dømmekraft i skjønnsvurderingane og følelsen av tryggleik i rolla som pedagogisk leiar i møte med dei spesialpedagogiske prosessane.
Foreldresamarbeid kan utfordre det faglege skjønnet, og i situasjonar der pedagogisk leiar ikkje får med foreldra i samarbeidet vert dokumentasjon viktig for å unngå seinare negative tilbakemeldingar eller juridiske konsekvensar. Vidare finn eg at dei pedagogiske leiarane kjenner seg trygge på eigne skjønnsvurderingar, men at behovet for samarbeid og rettleiing aukar med kompleksiteten på utfordringane dei står overfor.
Haldningane til evidensbasert observasjonar ser ut til å endre seg og vert meir positive når utfordringane vert meir komplekse. Praksisfellesskapa dei pedagogiske leiarane samarbeider i, er ei styrke for skjønnsslutningar mellom anna fordi ein kan diskutere normative vurderingar og hindre uheldig praksis. Sterke relasjonar i praksisfellesskapa medverkar til at bekymringar vert diskutert tidleg og ein kjem i gong med tiltak tidleg. Funn syner at når dei pedagogiske leiarane går inn i eit tettare samarbeid med PPT vert behovet for fagkunnskap meir synleg fordi dei pedagogiske leiarane ynskjer å fagleg forankre utfordringane dei ser. Abstract
The subject of this thesis is the pedagogical leaders` understanding of the concept professional discretion, as well as their experiences regarding the usage of professional discretion in the process from concern to cooperation with the educational-psychological services (PPT). This thesis applies qualitative methods, where four educational teachers have participated in a semi-structured interview.
The professional basis is not static which makes the directory assessment change with societal development as well as in professional requirements. The educational teacher must assess various situations from several points of view. They may experience varying degrees of external pressure and influence, which lead to varying degrees of complexity when making discretionary decisions. The findings of this research highlight how educational teachers understand the term professional discretion. Gut feeling, intuition, knowledge, and experience are important elements. Experience and knowledge are paramount factors when weighting judgment in discretionary assessments and lends security to the educational teacher`s role when dealing with special educational processes.
Parental cooperation can challenge professional discretion. In situations where the educational teacher fails to cooperate with the parents, the documentation becomes important to avoid negative feedback or juridical consequences. Furthermore, my findings show that the educational teachers feel confident in their own professional discretion, but the need for cooperation and guidance increases with the complexity of the challenges they face.
Attitudes towards evidence-based observation seem to become more positive when the challenges become more complex. Communities of practice where the educational teachers cooperate strengthen discretionary decisions, partly because they can discuss normative assessments and prevent unfortunate practices. Strong relations in the practice community help ensure that concerns are addressed early, and measures are initiated at an early stage. Findings show that when educational teachers collaborate closely with the PPT, the need for
professional knowledge becomes more visible, because the educational teachers wish to connect the challenges with professional knowledge.